Kveldsgudsteneste med salmar av Svein Ellingsen

Svein Ellingsen sine salmar betyr mykje for mange. Kom på kveldsgudsteneste 25.august kl 1930 i Ørsta kyrkje, og syng mange av salmane hans!

Mann holder en oppslått salmebok.

Svein Ellingsen- ein fornyar av salmeskatten

Svein Ellingsen (f.1929, d.2020) er mellom dei store norske salmediktarane, og ein viktig fornyar av salmen som sjanger. Frå midten av 1950-talet og til langt ut på 2000-talet, skreiv han salmar som har vore viktige for mange.  Særleg kjend er dåpssalmen "Fylt av glede", og til saman har han heile 58 salmar i Norsk salmebok 2013. Ellingsen omsette også salmar frå andre språk, og han var biletkunstnar.

Ei kveldsgudsteneste med berre Svein Ellingsen-salmar!

Komande søndag, 25.august, kan du synge mange av Ellingsen sine vakre og slitesterke salmar i kveldsgudstenesta i Ørsta kyrkje. Kantor Marie Austrheim Riise og kyrkjelydsprest Kristian Myklebust har valt ut sju av salmane Ellingsen har i salmeboka. Nokre av dei syng vi ofte, andre er kanskje meir ukjende? Som samlingsbøn og forbøn brukar vi også bøner som Ellingsen har skrive. Det vert nattverd i gudstenesta, og vi les vingardsssøndagen sine bibeltekstar. Vel møtt til Ørsta kyrkje søndag 25. august kl 1930.

Desse salmane syng vi:

371 Om alle mine lemmer (Petter Dass/Svein Ellingsen)

103 Det finnes en dyrebar rose

724 Stjernene lyser fremdeles i mørket

678 Vi rekker våre hender frem

604 Jesus, livets sol og glede

162 Såkorn som dør i jorden

677 En bønn er gjemt i hjerteslagets rytme

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"