Helgemesse i kyrkjene

Søndag 3. november er det helgemesse, søndagen då vi minnast våre døde og deler vona om det evige livet. Helgemesse, eller allehelgensdag som den også vert kalla, vert det feira gudsteneste i kyrkjer over heile landet, slik også i Ørsta.

Helgemesse i kyrkjene

Helgemessemarkeringa tek til med konsert med musikk til trøyst og ettertanke i Ørsta kyrkje, laurdag klokka 1800. Her vil både Ørsta kyrkjekor under leiing av kantor Marie A. Riise og Leiv Arne Nydal ta del. Søndag vert det gudsteneste med minning i alle dei tre kyrkjene våre. Dei som har mista nokon er særleg inviterte, men både konserten og gudstenestene er opne for alle. I Ørsta kyrkje vert det og søndagsskule.

Under gudstenestene vil vi lese opp namna på dei i kyrkjelydane som har gått bort det siste året og tenne lys til minne om dei. Lyset synleggjer at vi ikkje trur det er mørkret og døden som sigrar. Jesus seier: «Eg er lyset i verda. Den som følgjer meg, skal ikkje vandra i mørkret, men ha livsens lys.» (Joh 8,12) Kva betyr det?  Kristus er lyset for verda. Han har liv i seg sjølv. Han lyser som sola. Vi lyser som månen. Månen lyser berre fordi sola skin på månen først. Lyset vi lyser med er alltid eit lånt lys. Lyset som lyser i augo våre er det livet som Gud skaper i oss. Vi skal sole oss i Kristus, og bade i hans lys.

Vi menneskjer taklar sorga over dei som er døde på svært ulike måtar. Lettvint er det sjeldan for nokon. Dersom du treng nokon å snakke med, kan du kontakte ein prest elle diakon. Ta kontakt med kyrkjekontoret for å avtale tid for ein samtale.

For mange er tida rundt helgemesse ei tid då det er naturleg å sjå til ei grav og minnast ein som er gått bort. Minnet kan vere kjært og godt. Det kan også vere vanskeleg. Sorga kan vere tung å bere -  og likevel: Sorga er teikn på kjærleik og vennskap med ein som har gått bort. Såleis kan helgemessesøndag vere eit høve for å stoppe litt opp og gi rom for bøn og ettertanke.

Søndag 3. november er det gudsteneste i Ørsta kyrkje og Hjørundfjord kyrkje kl. 11:00 og i Vartdal kyrkje kl. 19:30.  

Velkomen til helgemessesøndag!

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"