Livspust med Fredric Holen Bjørdal

Søndag 29. september 1930 er det endeleg klart for Livspust i Ørsta kyrkje igjen. Denne gongen skal vi få verte betre kjend med tidligare stortingspolitikar Fredric Holen Bjørdal.

Livspust med Fredric Holen Bjørdal

Fredric er jurist og arbeider i dag for Kvale advokatfirma. På nettsida til Kvale kan vi lese at Fredric sin spisskompetanse er sjømat, forvaltningsrett, gransking og arbeidsliv.

Frå 2013 til 2021 representerte han Møre og Romsdal på Stortinget og var først medlem av Stortingets arbeids og sosialkomite og seinare finanskomitèen. No har han stifta familie og busett seg i heimbygda. Vi gler oss til å verte betre kjend med Fredric! Sokneprest Arne Moltubak vil leie samtalen.   

Elles vert Livspust slik vi er blitt kjend  med den. Dette skal vere ein oase og ein kvilestad i det som for mange er ein hektisk kvardag. Ein stad for påfyll. Ein stad å senke skuldrene og salme krefter til ei ny veke. Det vert song og musikk med band og forsongar, stødig leia av kantor Marie Austrheim Riise. Det vert bønevandring med nattverd og høve til å tenne lys og skrive bønelappar.

Ta med deg ein nabo, ven eller slektning og kom!

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"