Salmekveld i Ørsta kyrkje: Ei salmereise på Søre Sunnmøre

Fredag 18.oktober kl 1930 ønskjer vi velkommen til salmekveld i Ørsta kyrkje, med lokale salmar frå Søre Sunnmøre. Både Ørstakoret og Ørsta kyrkjekor deltek, saman med andre dyktige solistar og musikarar. Salmekvelden er ein del av 160-årsjubileet for Ørsta kyrkje.

Berte Kanutte Aarflot

Salmeboka frå 2013 er full av salmar der anten tekstforfattaren eller komponisten har tilknytning til Søre Sunnmøre. Denne fredagskvelden kan du vere med og synge mange av desse i Ørsta kyrkje. Vi trur at denne kvelden kan vere ei lita reise i vårt eige nærområde, der du både får synge kjende salmar og sjå at salmeskatten vår er noko som stadig vert fornya.

Vi skal synge og høyre folketonar frå Ørsta, salmar av Berte Kanutte Aarflot, Anders Hovden og Bernt Støylen, melodiar av Knut Ose og Ragnar Ørstavik, men også dei nyaste bidraga til salmeboka, frå til dømes Jan Ove Ulstein, Jan Inge Sørbø og Roar Goksøyr. Vi får også høyre ein nyskriven melodi til ein Anders Hovden-salme, og kora syng fleire folketonar med arrangment av Terje Aarset.

Ørstakoret, med dirigent Roar Goksøyr Lillebø vert med på salmekvelden. Det vert sjølvsagt også Ørsta kyrkjekor, med dirigent Marie Austrheim Riise. Ragnhild Engeset (fløyte) og Jorun Marie Kvernberg (solosong og fele) vert også med. Salmekvelden vert leia av prest Kristian Myklebust.

Salmekveldar er eit godt høve til å synge i lag! Vi håpar at ein salmekveld med vekt på dei lokale salmane våre både kan vere eit høve til å glede seg over alt vi har fått, og ei utfordring til å føre denne rike tradisjonen vidare.

Det er gratis inngang til salmekvelden, med høve til å gi ei gåve til det kyrkjemusikalske arbeidet i Ørsta.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"