Fastetida er eit viktig høve til fordjuping, sjølvrefleksjon og ikkje minst å sjå utover vårt eige til verda og menneska rundt oss. Denne kvelden får vi gjere nettopp dette når vi inviterer til salmekveld i Ørsta kyrkje.
Ørsta kyrkjekor og dirigent Marie Austrheim Riise står bak denne spennande salmekvelden som har fått tittelen: salmar som utfordrar! Vi har fått med oss dyktige musikarar som Leiv-Arne Nydal (fele), Morten Bollerud (trekkspel) og Kirsten Ragnhild Grimstad (vokal). Kyrkjelydsprest Kristian Myklebust vil leie kvelden og Marie Austrheim Riise vil traktere pianoet. Vi utforskar nye salmar med uventa og spenstige tekstar, og vi syng saman salmar som verkeleg utfordrar oss til re-orientering og handling.
Ein del av tekstane vil utfordre vårt «tradisjonelle» salmespråk og har eit syrleg og skarpt bilete på samfunnet og verda vi er ein del av. Andre salmar vil ha element som klage i seg, noko som er ein viktig tradisjon i kyrkja: rom for erfaringar av motgang, sorg og smerte. Nokre av salmane er henta frå Norsk Salmebok, men mange er henta frå andre kjelder og vil kanskje difor opplevast som «nye» salmar. Vi skal synge salmar av Ingrid Brækken Melve, Erik Hillestad/Dagsland, Sindre Skeie, Iben Krogsdal og Ylva Eggehorn/Benny Anderson for og nemne nokre diktarar og komponistar.
Om du tenker at salmar berre er tradisjonelle og føreseielege, er dette kvelden for å få utfordra den tanken! Lat oss syngja saman for rettferd, mot fattigdom, krig, undertrykking og for håp.
Det har vel sjeldan vore meir aktuelt enn no.