Ein annleis konsert

Laurdag 16. november 18.00 kan du få med deg ein litt annleis konsert i Ørsta kyrkje. Eit knippe lokale artistar har gått saman for å setje fokuset på det å vere tilstades for andre i ein vanskeleg situasjon – med andre ord: korleis det er å vere på vakt for Kirkens SOS. Initiativtakar er Linda Karin Eidem, som har vore aktiv frivillig for Kirkens SOS i monge år.

Ein annleis konsert

«Eg har lenge hatt ein draum om å kunne vise andre korleis det er å vere på vakt. Det å sitje operativ på vakt for K-SOS er givande. Som frivillig møtar du menneskje du kanskje ikkje ellers hadde kome i kontakt med.

Krisetelefon, chat og SOS melding.

Kirkens SOS har fleire plattformer. Disse er SOS telefon, SOS chat og SOS melding. Dei som kontaktar oss og vi som svarar på samtalane er anonyme. Vi kan verken sjå kor dei ringer frå eller vite kvar i landet dei befinn seg. Frivillige veljer sjølve plattforma dei er konfortabel med.

Kvart år er det om lag 300.000 henvendelsar inn til Kirkens SOS, av disse er det om lag 100.000 vi ikkje får svart. Dette grunna at samtalane har blitt lengre og meir alvorlege. Sjølvmordstala øka for kvart einaste år.                                              Vi trenger fleire frivillige som kan svare på samtalar.

Dette er med andre ord ein litt annaleis konsert i tre akter, der publikum vil få sjå og høyre korleis det er å vere på vakt. 

Lokale artistar

Artistane denne kvelden er Venche Leite, vokal/kor. Linda Karin Eidem, vokal/kor. Torbjørn Frantsen, tangenter. Klaus Blø, gitar. Erik Fooladi, perkusjon. Alle har årelang erfaring frå band i forskjellege musikksjangere.

Levi Andrè Leite stiller med lyd, lys og spesialrigg for kvelden.

Under konserten får publikum moglegheita til å tenne lys, samt bønevandring.

Gjesteartist denne kvelden er Stig Ulv. «Vi er så glade for at Stig Ulv sa ja til å vere med. Musikken han lagar er malande, fri og heilt perfekt til denne kvelden» seier Eidem.

Det er fri inngang.

Det er fri inngang denne kvelden. Vi har kollekt til Kirkens SOS under konserten. Medarrangør er Ørsta Sokneråd.

Etter konserten vert det kyrkjekaffe, med enkel servering. Ansatte og frivillige frå Kirkens SOS er tilgjengelege for publikum.

Vi håpar på fullsatt Kyrkje. Hjarteleg velkomne til SOS-konsert!

 

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"