Spennande program for fastetida i Ørsta kyrkje

Fastetida 2025 byrjar på askeonsdag, som er onsdag 5.mars, og varer heilt til påskedag, 20.april. Kvar veke gjennom den 40 dagar lange fastetida, kan du vere med på ulike arrangement i Ørsta kyrkje.

Foto: Den norske kyrkja

Fastetida er ei tid for fordjuping av trua og til å tenke over livet vårt. Difor legg vi i år opp til ulike "eksistensielle kveldar" i kyrkja, der vi får eit høve til refleksjon og fordjuping. Kanskje er dette særleg viktig i ei uroleg og usikker tid? Kvar kveld (unnateke askeonsdag) vil Ørsta sokneråd lage til eit kveldsmåltid i kyrkjekjellaren etter samlinga i kyrkja.

Vi håper mange vil finne vegen til kyrkja desse kveldane! Dette kan også vere gode høve for bibelgrupper, misjonsforeiningar, mannsgrupper eller K-grupper til samlast og delta saman. Vel møtt til fastetida 2025 i Ørsta kyrkje!

Onsdag 5.mars, askeonsdag, kl. 1930:

Denne kvelden markerer vi starten på fastetida med den tradisjonsrike og innhaldsmetta askeonsdagsgudstenesta. I gudstenesta i år kan du få teikna eit askekross i panna eller på handa, slik skikken er i mange kyrkjesamfunn rundt om i verda. I gudstenesta deltek også Ørsta kyrkjekor, og vi feirar nattverd saman. Arne Moltubak er liturg, og Marie Austrheim Riise organist.

Tysdag 11. mars kl. 1930: "Mi sorg er lys" Føredrag med Geir Gundersen

Denne tysdagen får vi fint besøk i Ørsta: Geir Gundersen, kjend for mange som andaktshaldar i NRK Radio og tidlegare generalsekretær i Blå Kors, kjem for å halde føredraget "Mi sorg er lys". Gundersen har nett gjeve ut ei bok med same tittelen. I denne boka skriv han "medan han sørger" om tapet av kona Liv, og om korleis han lever i og med sorga, samstundes som han er takknemleg for alt det gode dei fekk saman: "Heilt knust og djupt lukkeleg" skriv han vart og varmt om allmenne erfaringar av tap, sorg, håp og den store gleda. Denne kvelden er vel verdt å få med seg, særleg sidan koret faSong også blir med!

Tysdag 18.mars kl 1930: Salmekveld: Salmar som utfordrar

Ørsta kyrkjekor og dirigent Marie Austrheim Riise står bak denne spennande salmekvelden, saman med kyrkjelydsprest Kristian Myklebust. Vi utforskar nye salmar med uventa og spenstige tekstar, og vi syng saman salmar som verkeleg utfordrar oss til å re-orientering og handling. Om du tenker at salmar berre er tradisjonelle og føreseielege, er dette kvelden for å få utfordra den tanken! 

Tysdag 25.mars kl 1930: Kva betyr det at Jesus står opp? Ein temakveld om påska og Jesu oppstode

Fastetida har alltid vore eit viktig høve til fordjuping i den kristne trua. Denne kvelden vil kyrkjelydsprest Kristian Myklebust ta oss med inn i tekstane om påskedagen, og vise korleis trua på Jesu oppstode formar og pregar kyrkja heilt frå byrjinga. Kva betyr eigentleg den tome grava? Kva er det vi seier når vi seier at "Jesus har stått opp"? Kvar har dette å seie for livet vårt, her og no? Vel møtt til undervisning og felleskap om eit heilt sentralt tema i trua.

Tysdag 1.april kl 1930: Kirkens Nødhjelp-kveld med besøk av Bente Hjertenæs

Fastetida er også ei tid for å gjere noko for andre! Denne kvelden er vi så heldig å ha med oss Bente Hjertenæs, regionskoordinator i Trøndelag og Møre og Romsdal. Ho bur i Ørsta, og vil denne kvelden fortelje oss meir om det livsviktige arbeidet som Kirkens Nødhjelp gjer og inspirere oss til arbeidet med fasteaksjonen.

Tysdag 8.april: Fasteaksjon

Dette er dagen for å mobilisere til innsats for Kirkens Nødhjelp! Konfirmantane våre skal gå med bøsse, men vi treng både sjåførar, bøsseberarar og teljemannskap til Fasteaksjonen 2025. Meir informasjon kjem etterkvart om korleis du kan melde deg. Denne kvelden passar både for barnefamiliar, og vaksne i alle aldrar!

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"