Det er snart desember og advent og med det tid for tenning av julegrana på Havtor Hovden plass. Ørsta sokneråd og Ørsta frikyrkje ynskjer velkomen til tradisjonell julegrantenning 1. desember klokka 1700.
Ørsta hornmusikk stiller trufast opp og speler både før arrangementet og til allsongen. Det vert song av elevar frå musikklinja ved Volda vidaregåande skule, appell ved sokneprest Arne Moltubak og sjølvsagt gang rundt treet. Ordførar Per Arne Sørheim står for sjølve tenninga. Det vert og høve til å gi ei gåve til Kirkens Nødhjelp sitt viktige arbeid over heile verda.
Etter at grana er tent er alle velkomne til lysmesse i Ørsta kyrkje. Der vil både barnekoret GLØD og 7-åringar i soknet ta del.
Velkommen til ein fin adventssøndag!
Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.