Juleandakt 2024

Eit barn forandrar verda- les Kristian Myklebust si juleandakt for jula 2024. Andakta står også på trykk i Møre-Nytt på julaftan.

Gerard van Honthorst: Gjetarane si tilbeding

Kvar gong eit barn vert fødd, vert verda forandra. Eit nytt liv, eit lite menneske opnar dei små augene for første gong- og dermed er ikkje verda vår lenger slik som ho var. Visst kjem eit barn med uro og uvisse til dei som står rundt. Aller mest er likevel barnet eit sterkt teikn på håp og framtid. Eit sterkt, men sårbart teikn. Eit teikn som må takast vare på, vernast og gjevast varme.

Kvar gong eit lite barn vert fødd, vert verda forandra. Det er sant kvar gong. Likevel: Den første gongen Maria og Josef stod over krubba og såg ned på den vesle kroppen som låg der, såg dei dei samtidig den største forandringa som nokon gong har hendt. Den første gongen Maria tok den vesle guten inn til seg og gav av sin eigen varme, var det både sin eigen son og Guds son ho heldt inn til seg. Den første natta dette barnet sov, vakna, fekk mat, og sovna igjen, var den første natta i det nye og gode som Gud gjorde her hos oss, i denne verda.

Den vesle guten skulle vekse opp og vere han som fører Gud og menneske saman på nytt. Men allereie frå første stund, frå han vart fødd slik vi alle vert fødde, bar han med seg forandring og håp. Dette barnet i krubba viser oss kven Gud er, korleis Gud er: Ein Gud som er den største, men som vert liten og sårbar, som må berast og stellast av menneske. Ein Gud som ikkje berre er å finne i det høge og heilage, men i det lave, hos dei små, dei fattige, på stadar der vi ikkje skulle forvente å finne Gud. Ein Gud som sjølv kjem til menneska han skapte og som han har glede i.

Jesusbarnet viser oss kven Gud er: Han er Gud som kjem til oss, som vert ein av oss, som vel å utlevere seg til oss menneske og håpe på at vi vil ta i mot han. Han «gav avkall på sitt eige, tok ein tenars skapnad og vart menneske lik», skriv Paulus. Alt for å forandre verda.

Julebodskapen er forunderleg, knapt til å tru: Ein bodskap om Gud som vert menneske. Ein bodskap om at det er fødd ein som kan gjere oss fri og som kjem med fred. Ein bodskap om ein som vil bere børene våre og sigre over mørket for oss. Ein bodskap om at framtida faktisk kjem til oss, trass alt, og at denne framtida skal vere god. Ein bodskap om Barnet som forandrar oss, forandrar verda, forandrar framtida. Ein bodskap som forandrar alt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"