Laurdag 8. februar kl. 10.00: Vi starter i kyrkja, med "dueslepp" for dei som er døypte siste året. Her vil Sabina og Oddgun lese opp namna til borna, slik at dei kan ta med dua si heim.
Kl. 11.00 vert det småbarnssang i kyrkja, for dei frå 1-3 år. Gjennom sangar og rørsle lærer barnet å kjenne sin kropp, både muligheiter og begrensningar. Og så er det ikkje minst moro – både for små og store! Sangstunda varer i ca. 30 minutter og blir ledet av Sabina. Det vil bli ei sosial stund etter sangstunda med ei enkel servering av kjeks, frukt og saft, og kaffi/te til dei vaksne.
Kl. 12.00 er Sidsel Anita klar med "Tårnagentane", for dei som er 8 og 9 år. Her vil det bli ulike aktivitetar, vi kan nemne oppdagelsesferd i kyrkja, skattejakt i Bibelen, og det blir laga ei rebusløype! Dette blir kjekt! Det blir også servert noko å bite i, for tøffe agentar treng litt mat og drikke etter spennande oppdrag i kyrkja. Vi er ferdig ca kl. 15.00.
Søndag 9. februar: Hjartetur og kyrkjesafari i samarbeid med Barnas Turlag. Start frå parkeringa ved kyrkja kl 10:00. Vi går stikk-ut-runden i Prestemarka, som går inn i Askdalen, til Geila, tilbake forbi barnehagen og nedatt til kyrkja. Turen går langs sti og grusveg. Kor mange hjarte finn du på runden? PS: Dei skal få hengje, ikkje ta dei ned. Når vi kjem tilbake til kyrkja legg vi ned steinar, kongler og pinnar vi har plukka på turen slik at det blir eit stort fint felles hjarte framfor kyrkja. Inne i kyrkja blir det ulike aktivitetar, som feks. kyrkjesafari! Litt mat må vi også ha, alle får pølse med brød. Det vil bli høve til å lage hjartekort til nokon du er glad i. Vi avsluttar med litt song, og ser på hjartet vi har laga på veg ut.
Det er lov til å vere med på berre éin av delane om ein ønskjer.
Kirkerottene er på veg til Askvoll igjen i år, og dei skal vere i Kyrkja i Askvoll måndag 10. februar kl. 18.00. Alle frå 4-7 år får invitasjon i posten. I år handler det om Lea mus. I kyrkja er det fleire som har problem. Kari prest skal fortelle borna om sauen som blei borte, men no klarar ho ikkje å finne tøysauen som skal brukast til forteljinga. Lea Mus har rota seg bort frå familien sin og klarar ikkje å finne tilbake heimatt. Kan Kirkerottene hjelpe? Det er betaling i døra, og du kan enten bruke Vipps eller betale kontant. Kr. 200,- pr. familie.