Er du vår nye kyrkjelydspedagog?

Vi har ledig stilling som kyrkjelydspedagog i inntil 80 % stilling

Er du vår nye kyrkjelydspedagog?

Søk på stillinga via lenkje nedst på denne sida!

Sokna i Askvoll, Fjaler og Hyllestad har inngått eit nytt samarbeid om felles pedagog til den kyrkjelege undervisninga for barn og unge frå 0-18 år i samarbeidsområdet.
Stillinga er ledig for snarleg tiltreding, og den som vert tilsett vil få ei leiande rolle i realisering og vidareutvikling av dei vedtekne planane i sokna.
Kyrkjelydspedagogen vil utføre arbeidet sitt i samarbeid med lokalt trusopplæringsutval i soknet, styringsgruppa for stillingssamarbeidet, sokneprest, kantor/organist og andre lønna og ulønna medarbeidarar.

Det er om lag 940 kyrkjemedlemer i aldersgruppa 0-18 totalt i sokna. Plan for den kyrkjelege undervisninga er vedteke i alle sokna, men ikkje alle tiltaka er innfasa enno.

Hovuddelen av trusopplæringstiltaka vil vere lokalisert i kommunesentraene med Askvoll kyrkje, Dale kyrkje/Ljosheim og Hyllestad kyrkje. Lokala her er godt  eigna for trusopplæringsaktivitetar, med mellom anna multimediautstyr, fleksibel møblering, kjøkkenfasilitetar m.v. Det er jamt over svært god oppslutning (over 80% i fleire av trusopplæringstiltaka) i sokna. For nærare informasjon om sokna og om undervisningstilbodet til barn og unge, sjå:
www.kirken.no/askvoll
www.kirken.no/fjaler/
www.hyllestad.kyrkja.no

Arbeidsoppgåver:

  • Fylgje opp og vidareutvikle lokale planar for den kyrkjelege undervisninga i soknet
  • Saman med trusopplæringsutvala og styringsgruppa ansvar for at tiltaka i trusopplæringsplanane vert gjennomførte.
  • Delta i gudstenester knytt til trusopplæringa.
  • Delta i arbeid blant born og unge.
  • Rekruttere og inspirere uløna medarbeidarar.
  • Profilere trusopplæringsarbeidet i ulike medier.
  • Rapportering.

Vi ynskjer ein person som:

  • Har interesse og engasjement for kyrkjeleg arbeid for born og unge.
  • Har minimum 3-årig høgare utdanning med pedagogikk og/eller kristendom i fagkrinsen. Manglande utdanning kan kompenserast med relevant erfaring.
  • Har kjennskap til Den norske kyrkja si verksemd.
  • Har gode kommunikasjonsevner og norskkunnskapar og erfaring med sosiale medier.
  • Kan arbeide sjølvstendig og systematisk.
  • Har personlege eigenskapar som gjer ein skikka for stillinga (engasjement, kreativitet, formidlings- og samarbeidsevne).

Opplysningar om stillinga:

  • Løn etter kvalifikasjonar etter gjeldande tariffavtale i KA sitt tariffområde.
  • God pensjonsordning i KLP.
  • Kyrkjeverja i vertsfellesrådet er næraste overordna for stillinga.
  • Fast kontorplass på kyrkjekontoret i Askvoll eller Dale sentrum i triveleg kollegafellesskap saman med sokneprest, kantor/organist, kyrkjesekretær og kyrkjeverje.
  • Fleksibel ferieordning: Om ønskeleg kan det avtalast konsentrert arbeidstid til delar av året der den tilsette kan ta ut ferieveker i samband med jul, påske, i skulen sin vinter- og haustferie og lang sommarferie (tilsvarande skuleferien).
  • Ein må rekne med noko arbeid på kveldstid og i helgar.
  • Søkjar må vere medlem av Den norske kyrkja.
  • Søkjar må disponere bil (skyssgodtgjersle).
  • Den som vert tilsett må levere tilfredsstillande politiattest.
  • Oppstart i stillinga: 1. februar eller etter avtale.
     

For nærare opplysningar om stillinga, ta gjerne kontakt med:

Kyrkjeverja i Fjaler:
Jostein Bildøy telefon 951 91 332, eller e-post: JB286@kyrkja.no
Kyrkjeverja i Askvoll:
Rune Ziener telefon 479 63 319, eller e-post: rz459@kyrkja.no

Søknad med CV og kopi av vitnemål og attestar kan sendast på e-post eller post til:

rz459@kyrkja.no

Askvoll sokn
Postboks 14
6988 Askvoll

 

Søknadsfrist: 5.januar 2025

Kontaktinformasjon for Askvoll sokn

Besøksadresse:  

Askvoll sokn
Askvollvegen 398
6980 Askvoll

Postadresse:

Postboks 14
6988 Askvoll

 

                                                                                                           

 

Tlf.: 91874724

E-post:  post.askvoll@kyrkja.no

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"