Men på grunn av vakansane har prost Knut Magne Nesse no fått løyve frå biskopen og midlar frå bispedømerådet til å prøve ut ei ordning med ein virtuell prest for å sikre at gudstenestene kan halde fram som planlagt framover. Den virtuelle presten, som går under namnet "Pastor AI", vil leie gudstenestene via ein stor skjerm plassert framfor altaret.
Pastor AI er programmert med avansert kunstig intelligens og kan halde preike, leie bøner, og til og med gje personleg rettleiing til kyrkjelyden. Medlemmene vil kunne kommunisere med Pastor AI gjennom ein spesialutvikla app, der dei kan sende inn bønneførespurnader og stille spørsmål. Dette vert eit pilotprosjekt som prosten gler seg til å få prøvd ut, og han har forventningar til at dette vil vere ei fullgod løysing landet over med dei kommande rekrutteringsproblema, særleg i distrikta.
Soknerådsleiar Wenche Ness Gabrielsen reagerer slik: "Vi er begeistra over å kunne introdusere denne innovative løysinga. Pastor AI vil sørgje for at medlemmene våre får den åndelege støtta dei treng, sjølv i ei tid med vakanse." Kyrkjeverje Rune Ziener meiner dette er spennande, og trur at på sikt dette vil kunne gi betydelege innsparingar og på andre område, og han ser for seg moglegheiter og for gode erstatningar ved vikarbehov og eventuelle vakansar i organiststillingar, der det sjølvsagt er ein ekstra bonus at ein datamaskin ikkje treng øvingstid.
Den virtuelle presten vil debutere på gudstenester allereide no i påska i Askvoll kyrkje på gudstenestene Skjærtorsdag og 2. påskedag. Utanom dette, i tida fram mot sommaren, vil gudstenestene gå som normalt med fysisk prest til stades, både under konfirmasjonane og gudstenester som er planlagt med dåp, der ein pr. no ikkje har gode virtuelle erstatningsløysingar.