Onsdag 4. november kl 19.00 vert det konsert i Arna kyrkje med Grete Inger Berge - song og Martha Berit Belt – klaver. På programmet står spirituals, salmar og klassiske songar av Edvard Grieg, Eiving Alnæs og Agathe Backer Grøndahl. I tillegg får me høyre vakre soloverk for klaver av Grieg og Alnæs.
Grethe Inger Berge har lang fartstid som songlærar ved Kongshaug musikkgymnas. Ho har hatt solokonsertar på Lysøen og i Griegsamlinga i Oseana kulturhus. Ho har ved fleire høve vore solist i store oppsetningar som Handels Mesias og Johannespasjonen av Bach.
Marthat Berit Belt har ein mastergrad i utøvande klaver ved Griegakademiet i Bergen frå 2016. Ho er aktiv som solist og akkompagnatør og har ma spelt konsert i Grieg-Begegnungsstätte i Leipzig og delteke i Lied-duo-konkurranse i Groningen i Nederland. Ho har hatt ein rekke konsertar på Troldhaugen som ”ukens pianist”. I tillegg har ho hatt konsertar i Grieg sin eigen villa.
Det er gratis inngang, men det vert høve til å gje kollekt på Vipps.
Me følgjer smittevernreglande