Markerte skaparverkets dag

Vakker og utfordrande symbolikk prega gudstenesta for skaparverket søndag 6. juni. Klikk deg inn i saka for å lesa ei sterk, nylaga forbøn, som gjerne kan brukast i andre samanhengar også.

Markerte skaparverkets dag

Søndag 6. juni markerte vi Skaparverkets dag i Arna kyrkje. Det vart ei tankevekkjande gudsteneste, der mange var med og bidro; med visualisering av temaet, song og musikk, forbøn og "søppelrydding" i midtgangen. Takk til alle som var med!

Kanskje hadde du ikkje anledning til å vera der? Eller du har lyst til å lesa den fine forbøna på nytt? Her er den!

FORBØN - FOR SKAPARVERKET

Liturg (L): Herre, di er jorda og alt som bur her.
For livets skuld, Herre,
gje oss opne auge, varme hjarte, klare sinn og villige hender.
Trøyst oss og ver oss nær når vi ser kva som skjer med di jord:

Medliturg (ML): Ørkenar breier seg, skogar brenn, havet stig, leveområde blir borte og fuglar og dyr forsvinn for alltid.

Alle (A): Lær oss å gleda oss over alt det vakre i naturen,
og til å dela rikdomen jorda gir.
Skap i oss eit hjarte som lid med alt som lever.
Gi oss vilje til å verna om di jord, vår heim.

Lær oss å frykta og elska deg,
så vi kjempar mot all øydelegging som trugar jorda di
og framtida for alt som lever.

Kyrkjelydssvar: Gud, skap i oss tru, håp og handling. Herre, høyr vår bøn

ML: Forbruket vårt og velstanden vår har ført andre ut i fattigdom.
Og dei fattigaste vert hardast ramma når naturen vert øydelagd.
Du Herre er på dei fattige og undertrykte si side.
Du er deira Gud og deira vern.

A: Herre vi bed.
Hjelp oss til å sjå sporet av deg i vår fattige nestes ansikt.
Lær oss å frykta og elska deg,
 så vi er audmjuke i møte med vår neste
og tar ansvar for livet og framtida hans.

Kyrkjelydssvar: Gud, skap i oss tru, håp og handling. Herre, høyr vår bøn

ML: Alt vi bruker og alt vi kastar fører oss mot ei fattigare jord og ei farlegare framtid! For oss sjølve og dei som kjem etter oss.

A: Hjelp oss å finna glede i små og nære ting,
til å nøya oss med det vi treng for å leva.
Gje oss vilje til å ofra rikdomen vår
og søkja det rike livet i takksemd og omsorg.
Lær oss å frykta og elska deg,
så vi viser ærefrykt for alt som lever under himmelen og på jorda.

Kyrkjelydssvar: Gud, skap i oss tru, håp og handling. Herre, høyr vår bøn

L + A: Herre, du har gitt oss så mykje.
Vi bed deg, gi oss også eit takknemleg hjarte. 
Ver nær når vi handlar, så vi handlar i kjærleik!
Trøyst oss, når vi feilar og fell!

Forny di verdsvide kyrkje og vår kyrkjelyd,
så vi vernar om livet og den verda du har skapt.

Kyrkjelydssvar: Gud, skap i oss tru, håp og handling. Herre, høyr vår bøn.
Amen.

Forbøna er utforma av Erik Rodal etter ein tekst av Elisabet Breen. Nynorsk versjon ved Kristin Hjertaker.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"