Bli kjent med ny Bjørgvin-biskop

Denne veka skal Kyrkjerådet tilsetje ny biskop i Bjørgvin. Alle er invitert til å delta på presentasjon av den nye biskopen i Bergen domkirke, fredag 10. februar kl. 11.00.

Kjersti Gautestad Norheim (foto Gyrid Cecilie Nygaard), Ragnhild Jepsen (foto privat) og Sunniva Gylver (foto Harald Bø).

Kyrkjerådet tilset ny biskop i Bjørgvin bispedøme på sitt møte 9.–10. februar i Bergen.  

Den nye biskopen vert presentert i Bergen domkirke på fredag 10. ferbruar kl. 11.00. Det er ope for alle som ynskjer å delta.  Det er også høve til å følgje presentasjonen digitalt frå denne sida.  

Det er tre kandidatar til stillinga som kyrkjeleiar i bispedømet i vest: Kjersti Gautestad Norheim, Ragnhild Jepsen og Sunniva Gylver Tilsetjing vil etter planen skje torsdag kveld. 

I tillegg til biskopen, vert det innlegg frå kyrkjerådsleiar Kristin Gunleiksrud Raaum, preses Olav Fykse Tveit og bispedømerådsleiar Vemund Øiestad.  

Den 16. april vert det vigslingsgudsteneste i Bergen, der mellom anna H. M. Kongen deltek. Då vil den tilsette verte innsett som biskop.  

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"