Kveldsandakt

Kvar onsdag kl. 19 i Solheim kyrkje.

«Gang nach Emmaus» («Gange til Emmaus»), måleri av Robert Zünd (1827–1909)

Hausten 2024 vil vi ha ei kveldsandakt kvar onsdag i Løvstakksiden menighet. Vi har ein enkel liturgi (sjå lenke til dokument under), og eg, Knut Kvalsvik, vil lese frå Lukas-evangeliet og knyte nokre kommentarar til.

  • Stad: Solheim kyrkje, Hordagt. 28, i kyrkjeromet.
  • Tid: Onsdagar kl. 19.
  • Datoar: Fyrste gong 28. august, ikkje 2. oktober og 13. november pga. songmesse i St Markus (sjå lenkje), siste gong før jul 4. desember.

Etterpå er det anledning til å vere igjen litt, kanskje for å prate med andre, kanskje for å tenne eit lys i lysgloben vår og be ei bøn.

Det er tanken å komme igjennom dei tolv fyrste kapitla i Lukas-evangeliet i haust. Viss dette vert ein suksess og mi helse held, så held vi fram i vårsemesteret med dei tolv siste kapitla også.

Biletet over viser dei såkalla Emmaus-vandrarane, frå Lukas-evangeliet kapittel 24.

Velkomen til å vandre med oss!

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"