Dette var første gongen me prøvde nett dette arrangementet, og det vart ei vellukka samling - med 9 born, som ivrig perla figurar frå påskeforteljinga. Det såg ut som alle kosa seg.
Her får vi høyra påskehistoria, og så kan vi saman perla flotte figurar - slik de ser på biletet.
Det vert enkel servering.
Og dei vaksne får kaffi.
Viss du ikkje veit kvar kyrkjelyshuset i Ytre Arna er, så går du berre til kyrkja, og så går du langs kyrkjeveggen, og når du har kome forbi heile kyrkja, ser du kyrkjelydshuset rett framfor deg.