Ansvar for gravferda

Gravferdslova seier at berre éin person kan vera ansvarleg for gravferda.

Denne personen tek ei rekkje avgjerder i samband med gravferda:

  • Om den avlidne skal kremerast eller gravleggjast i jord.
  • I kva kommune, på kva gravplass og grav den avlidne skal skal gravleggest
  • Kva for seremoni og seremonistad ein vil nytta ved gravferda
  • Den som er ansvarleg for gravferda, vil normalt òg kunna vera ansvarleg for grava etter gravlegginga. Dette ansvaret kan andre ta seg av dersom ein ønskjer det.

Den som er ansvarleg for gravferda, vil ofte leggja vekt på ønska til den avlidne, men har inga lovmessig plikt til dette.

Dersom det ikkje ligg føre noko erklæring frå den avlidne, har etterlatne over 18 år i denne rekkjefølgja rett til å syta for gravferda: ektemake, born, foreldre, barneborn, besteforeldre, sysken, borna til sysken og syskena til foreldra. Etterlatne kan la vera å bruka retten til å syta for gravferda. Retten går då vidare til den neste i rekkja. Dersom det er usemje om kven som har rett til å syta for gravferda, kan kommunen der den avlidne budde, avgjera saka. Dette kan til dømes skje der borna til den som er død, ikkje er einige om kven som skal ha ansvaret. Denne avgjerda kan ein ikkje klaga på.

Alle som har fylt 18 år, kan i ei skriftleg erklæring fastsetja kven som skal ha rett til å syta for gravferda deira. Erklæringa skal vera underskriven og dagsett. Alle over 18 år kan bli utpeika til å syta for gravferda, men ein kan gje avkall på retten sin.

Retten sambuande har til å syta for gravferda, kan jamstillast med retten til ektemakar viss ein på tidspunktet for dødsfallet var i ekteskapsliknande eller partnarskapsliknande sambuarforhold. Kulturdepartementet har peika på følgjande moment som skal leggjast vekt på når ein vurderer om sambuande skal stillast likt med ektemakar; Om dei har felles born, er registrerte på same adressa i folkeregisteret, kor lenge dei har budd saman, om det har vore bròt i samlivet, og om dei sambuande har oppretta testament som tilgodeser den andre.

Dersom ingen syter for gravferd, skal kommunen sørgja for gravferda. Kommunen får då alt ansvaret som elles ligg til den av etterlatne som er ansvarleg for gravferda. 

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"