Gravferd i Bjerkreim

Når nokon døyr tek dei aller fleste pårørande kontakt med eit gravferdsbyrå. Gravferdsbyrået tek kontakt med kyrkjeverje og prest for å avklare når det kan vere gravferd, ut frå når familien/dei etterlatte ynskjer det og når prest og kyrkje er ledig. Gravferda skal haldast innan ti arbeidsdagar etter dødsfallet. I Bjerkreim er det tysdag og fredag som er gravferdsdagar, og den første gravferda som vert meldt inn er kl 11.

Foto: Solveig Vassbø Sæth

I Bjerkreim har vi to kyrkjer og tre kyrkjegardar. Når nokon skal gravleggast på gravplassen i Ørsdalen har vi seremonien i Ivesdal kyrkje. Når grendehuset i Ørsdalen vert tatt i bruk og møblert kan det vere aktuelt å bruke dette huset til seremonirom før gravlegging i Ørsdalen.  

I etterkant av gravferda vert det sendt ut informasjon ang. reglane for kyrkjegardane i Bjerkreim, litt om montering av gravminne og fjerning av blomar og kransar etter gravferd.  

Den som står som ansvarleg for ei grav vart kalla festar. Det er personen som er festar som er kyrkja sin kontaktperson. Det går an å reservere ei grav til når ein person døyr slik at det er to som er attmed kvarandre, gjerne til eit ektepar. Andre ynskjer å bruke opp igjen eldre graver som familien gjerne har vore festar for i mange år. Som regel går dette fint, men pga varierande jordsmon på ulike felt og på dei ulike gravplassane må dette vurderast frå tilfelle til tilfelle.  

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"