Gravferd i kyrkja

Ei gravferd er ei anledning til å seia farvel, takka for livet som har vore og for å samlast i sorga. I kyrkja får du ein personleg avskjed med avdøde, uansett. Ramma er meiningsfull og trygg.

Gravferd i kyrkja
Den norske kyrkja har lang erfaring med seremoniar gjennom livet, både i sorg og glede. Særleg er det ein sterk tradisjon i Norge for å markera dødsfall med gravferd i kyrkja. 

Det mest vanlege i Norge er å velga gravferd i kyrkja når ein skal ta eit siste farvel med nokon som er død. Av alle gravferder som gjennomføres i landet, er ni av ti av dei kyrkjelege seremoniar.

I daglegtalen brukes begrepet gravferd om både gravferd og bisettelse, og i kyrkja er det liten forskjell på dei to seremoniane. Etter ein bisettelse blir avdøde kremert ein annan stad, mens etter ei gravferd blir kista med avdøde lagt i jorda. 

Kyrkja har rom for deg

Enten du er ansvarleg for ei gravferd, eller ønskjer å delta i ei: Alle er velkommen i ei kyrkjeleg gravferd. Vi stiller ingen krav til kven du er, kva du trur på eller kva slags verdiar du har. 

Over heile landet

Over heile landet finst det vakre kyrkjerom og kapell der Den norske kyrkja gjennomfører gravferder. Gravferd i Den norske kyrkja er personleg – uansett. Her er det rom for dine følelsar og tankar.

Kjærleiken er sterkare enn døden

Ramma for ei kyrkjeleg gravferd er trua på at kjærleiken er sterkare enn døden. I Bibelen er det forteljingar om menneskeleg livserfaring, i glede og i sorg, og det er filosofiske tekster som rommar livets mangfold. Sjølv om tekstane kan vera fleire tusen år gamle, er dei fortsatt aktuelle for oss i vår tid, og vi kan finna håp og trøyst.

Bibelen beskriv også Guds kjærleik, og forteljer om håpet om ei ny og betre verd. Dette gjev gravferdseremonien ei retning som går ut over tid og rom. 

Alltid personleg seremoni

Ein gravferdseremoni i kyrkja uttrykker takksemd for den avdøde, og gjev håp og trøyst til deg som skal leve vidare. I seremoniens minnedel fortelles ulike historiar og minner frå livet som har vore.

Gravferd i kyrkja er ein personleg seremoni. I tillegg til dette, finst det mange måtar å setje sitt eige preg på seremonien, for eksempel ved å velga tekstar og songar. 

Kyrkjas ansatte gjev hjelp og støtte

Velg du ein seremoni i kyrkja kan du få hjelp og støtte både før, under og etter sjølve gravferda. 

Kyrkja sine ansatte har utdanning i å vera gode samtalepartnarar for folk gjennom heile livet – også etter dødsfall. Ein samtale med kyrkja sine ansatte etter eit dødsfall er heilt ufarleg og kan både skje før ei gravferd, og kort eller lang tid etterpå. Du treng ingen resept eller henvisning, og det er heilt gratis.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"