Kvar juni, etter årets konfirmasjonar er overstått, inviterar vi neste års konfirmantar med foresatte til informasjonsmøte på Vikeså misjonshus. Her får de møte Per Børge Hillestad, sokneprest i Bjerkreim og Ingelin Ognedal, ungdomsarbeider i kyrkja. På dette møtet vert konfirmantforeldre lagt til i ei facebookgruppe og konfirmantane lagt til i ei snapgruppe som blir våre hovedinformasjonskanalar ut.
Det blir eit år med ungdomsmøte, undervisning, konfirmantleir og spennande aktivitetar. Nokon av temaene me skal snakka om er kven er Gud? Jesus, identitet, kjærleik og mange andre spennande tema.
Alle har rett på konfirmasjonsopplæring – uavhengig av funksjonsevne. Har du/de behov for særskilt tilrettelegging er det fint om du skriv dette i påmeldingsskjemaet eller gjev oss melding direkte. Alle opplysningene du oppgjev her er underlagt taushetsplikt.