-
§ 12.Soknerådet sine oppgåver
Soknerådet skal ha si oppmerksomheit henvendt på alt som kan gjerast for å vekkje og næra det kristelege liv i soknet, særleg at Guds ord kan bli rikeleg forkynt, sjuke og døyande betjent med det, døypte gjeve trusopplæring, barn og unge samla om gode formål og legemleg og åndeleg nød vert avhjelpt.
Soknerådet har ansvar for at kyrkjeleg undervisning, kyrkjemusikk og diakoni vert innarbeida og utvikla i soknet.
Soknerådet avgjer om det skal bli tatt opp offer eller foretatt innsamling i kyrkja og forvaltar dei midla som vert samla inn, bevilga eller gjeven som gave til kristeleg virksomhet i soknet, med mindre anna er fastsatt. Avgjersle om oppretting av stillingar skal godkjennast av kyrkjeleg fellesråd.
Soknerådet medvirker ved tilsetjing i kyrkjelege stillinger etter dei reglar som gjeld til kvar tid.
Soknerådet innbyr minst ei gong i året dei tilsatte i soknet til å ta del i rådet sine drøftingar om forholda i soknet og dei oppgåver som ligg føre.
Soknerådet forbereder og gjev innstilling til avgjersle i alle saker som vert lagde fram for soknet sitt årsmøtet, jf. § 13, eller som årsmøtet sjølv tek opp.
Soknerådet gjev kvart år på årsmøtet ei orientering om det kristelege arbeidet i soknet.
Soknerådet skaffer til veie dei opplysningar og gjev dei uttalelser som kyrkjeleg myndigheit ber om.
0 Endret ved forskrift 14 nov 2021 nr. 3252 (i kraft 1 jan 2022).
Soknerådet
Soknerådet sitt oppdrag «Soknerådet skal ha si oppmerksomheit henvendt på alt som kan gjeras for å vekkje og nære det kristelege liv i soknet» § 12 i Kyrkjeordninga
