Bjerkreim kyrkjelyd

I Bjerkreim er vi glade i gudstenester. Kvar månad har vi tre gudstenester, den fjerde helga er det frihelg for prest og organist.

Foto: Alona Shyrshova

Dei fleste gudstenestene er i Bjerkreim kyrkje, men vi møtest òg i Ivesdal kyrkje eller av og til har vi gudsteneste på Vikeså misjonshus. Kvart år i juni har vi ei friluftsgudsteneste. Vi prøver å tilby kyrkjekaffi både før og etter gudstenestene våre for å skape trygghet og eit rom for samtale mellom dei som deltek.  

I Bjerkreim sokn har vi ti tilsette. Dette er prest, ungdomsarbeidar, diakon/menighetsarbeidar, organist, sekretær  og kyrkjeverje. I tillegg har vi to klokkarar og to kyrkjetenarar som er knytt til kvar av kyrkjene. I tillegg har vi mange frivillige som tek del i smått og stort, det er vi både glade for, takknemlege for og heilt avhengige av. 

Når det gjeld stell av gravplassane er det vedlikehaldsgruppa til Bjerkreim kommune som har oppdraget. Det er viktig for oss at dei ser velstelte ut.  

Kyrkja i Bjerkreim er opptatt av å følje opp dei som er døypte og dermed medlemmer hos oss, men alle aktivitetane våre er opne òg for dei som ikkje er medlemmer. Vi har babysang ein gong i veka for dei som er heime i foreldrepermisjon. Det står om tilboda for eldre barn under «Kyrkjeleg undervisning».  

Kvart fjerde år er det val til kommunestyre, og då har vi samtidig val til soknerådet vårt. Dette rådet har ansvar for planar, å prioritere økonomisk og strategisk, vedta gudstenesteplan mm. I tillegg til soknerådet vårt har vi ulike mindre utval som har kvar sine ansvarsfelt: diakoniutvalet, misjonsutvalet, gudstenesteutvalet, utvalet for kyrkjeleg opplæring m.fl.  

Ta gjerne kontakt med oss på kyrkjekontoret om det er noko du lurer på eller om berre vil kome innom for ein prat. Vi har alltid kaffi.  

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"