Me ynskjer å oppmoda deg til å gje gåve til trusopplæringsarbeidet i Bjerkreim kyrkjelyd.
Det er ikkje storleiken på beløpet som er det viktigaste, men at du vil støtta arbeidet – anten regelmessig eller ved ei enkelt gåve.
Kva går pengane til?
Bjerkreim kyrkjelyd driv eit omfattande og allsidig arbeid. Innsamla midlar vert brukt til undervisningsmateriale i arbeidet for barn og ungdom.
- Bok til dåpsforeldre
- Dåpshelsingar
- 2, 3, 4, 5 og 6-årssamlingar
- Dåpsskule
- Lys vaken
- Tårnagenthelg
- Biblar til 6. klassingane
- Kode B
- Connect
- Materiell til konfirmantundervisninga
- Trafikalt grunnkurs
- Lønn til ungdomsarbeider og menighetsarbeider
- m.m.
Målet er at fleire får sjå Jesus og verta inkludert i felleskapet
Korleis kan du gje?
Du kan gje ei enkel gåve fast kvar mnd., kvartal, halvår eller år. Å leggja inn fast forfall i nettbanken, er ein enkel måte å gje på. Gåva kan overførast til
Bjerkreim sokn
Kontonummer: 3344.07.11257
Skattefordelar
Vilkår for skattefrådrag er at beløpet må være minst 500 kroner i året og personnummer må oppgjevast – så hugs å opplysa kven som har betalt og personnummeret, merk gåva med Trusopplæringa.