Misjon
Vårt noverande misjonsprosjekt, Window of Hope, er òg eit diakonalt prosjekt som fokuserer på barn og utdanning. Du kan lese meir om prosjektet på www.woh.no. Misjonsutvalet har kontakten med prosjektet og tilretteleggjer informasjon og innsamling av midlar.
Diakoni
I Den norske kyrkja blir diakoni beskrive som livsviktig. I dag har vi eit breitt diakonalt arbeid som inkluderer omsorg for dei sørgjande, sosialt arbeid for einsame, forbøn for konfirmantar, hjelp til menneske som slit økonomisk og flyktning-/innvandrararbeid, for å nemna noko. Diakoniutvalet har ansvar for den årlege allehelgenssamlinga, blomsterhelsingar, forbøn for konfirmantar og besøksteneste og er ei ressursgruppe for diakonen.
Diakonen
Diakonen er motivert av det kristne menneskesynet, men skal ta på alvor den enkeltes livssyn. I Bjerkreim jobbar diakonen med alt frå ungdomar og unge vaksne til gamle, innvandrarar, einsamheit og med dei som fell utanfor, med vår lokale diakoniplan som arbeidsdokument.
Arbeidsdagar for diakonen er tysdag-fredag. Ønskjer du ein formell samtale eller berre ein drøs, kan du ta kontakt på e-post, ringe eller sende ein SMS. Kontortelefon er 51 20 11 95 og mobil 41669151.