Vårt misjonsprosjekt
2023-2027 støtter Bjerkreim kyrkje Window of Hope, ein privat stiftelse som driv skule med internat og ein medisinsk klinikk i nærleiken av Kilgoris i Kenya. WoH arbeider også for å bli meir sjølvhjelpte ved å tjene pengar på sukkerroer og bønner.
Meir om prosjektet finn du på www.woh.no
Misjonsutvalet
Bjerkreim sokneråd har eit eige misjonsutval. I dette utvalet sit Annbjørg Gravdal Larson (leiar), Jane Fuglestad Rønning, Olav Nygård og soknepresten. Mandatet til misjonsutvalet handlar om å halde misjonstanken framme, særleg i forhold til kyrkjelydens misjonsprosjekt. Dette knyttast oftast til når det er takkoffer til misjonsprosjektet i kyrkja, men me ynskjer også at det skal være langt framme i tanken for øvrig.