Informasjon om vigsel

Hovedbilde for tema

Bryllaup i Bjerkreim

Vil de gifte dykk? Både Bjerkreim kyrkje og Ivesdal kyrkje er flotte til å gifte seg i.  

Dei fleste gifter seg på ein laurdag. Ta kontakt med kyrkjekontoret for å avtale tid og stad. Sjølve papirarbeidet gjer de sjølv på Folkeregisteret sine nettsider, dette kan ikkje gjerast meir enn fire månader før sjølve bryllaupet.   

Før bryllaupet har presten ein vigselssamtale med brudeparet. I denne samtalen kjem ein inn på både det å gifte seg og kva det inneber, men òg kva som praktisk skjer i kyrkja under sjølve bryllaupet. Derfor er denne samtalen ofte i den kyrkja der vigsla skal vere. Dersom paret ynskjer å pynte i kyrkja til bryllaupet ordnar vi dette praktisk med utlån av nøklar.  

Send ein e-post eller ring dersom du/de lurer på noko, så finn vi ut av det.  

Kontakt