Eit sentralt spørsmål i diakonien er «Kva vil du eg skal gjere for deg?». Spørsmålet er henta ifrå teksten i Lukas (18: 35-43) kor Jesus helbredar ein blind mann på vegen til Jeriko. Dette er også eit veldig ope spørsmål. Som mottakarar av dette spørsmålet, kan vi nær sagt svare alt mogleg. Vi kan svare «eg ynskjer fred på jord». Men likevel er spørsmålet veldig lukka. Og det skjønar båe parter i ei samtale. For det er begrensningar for kor mykje vi kan gjere i kvarandres liv. Vi som tenare har våre begrensningar. Spørsmålet er begrensa av kven vi er. Ingen aleine kan skape varige livsendringar i andres liv. Det er det opp til kvar enkelt. Om vi ynskjer å trene eller vere aktive, kan vi ikkje bære kvarandre fysisk, men vi kan bære kvarandre sosialt. Og syne forståing for ulike livssituasjonar. Kanskje vi er trøytte, på ulike måtar. Men det lille vi kan gjere, kan likevel bety veldig mykje.
På denne dagen tilrettelagde kyrkja eit møtepunkt der vi serverte tomatsoppe, vaflar, saft og kaffi. Vi song nokre songar som vi hadde plukka ut, og så fekk alle kome med eigne ynskjesongar. Til slutt «opna vi scena», slik at alle som ynskja å opptre, fekk presentert sine favorittsongar. Vi fekk høyra både «Kaptein Sabelstann» og «Jag trodde änglarna fanns» - og i en kyrkje treng vi englar som kan tene, enten vi serverar tomatsoppe eller kaffi.