Ved å invitere inn i kyrkja opnast eit rom der vi saman kan ha dialog og samtale i både ord og toner. Hensikta for kyrkja kunne vi seie er å inkludere ei gruppe menneske som har ikkje har same moglegheit til å kome til kyrkja, som alle andre. Men har nokon menneske meire resursar til å inkludere, gje oppmerksomheit og omsorg enn andre? Nokon vil hevde, ja - omsorgsgevare og profesjonelle omsorgsgavare har meire resursar, er sterkare, veit meir og har større defineringsmakt. Men bør ikkje på den andre sidan kyrkja, vere ein arena der ulikskapane viskast ut. Kyrkja kan vere ein arena der menneske finn meining i saman, spelar på lag med kvarandre og møter Gud med dei ulikskapane vi ber på. Er ikkje det relasjonelle som finn stades mellom menneske større enn dei ulikskapane og forskjellane som skiljer oss frå kvarandre? I den svenske salma «Stad i ljus» (Tekst og musikk: Py Bäckman), står det skrivi om eit land uten grensar. Vi er i ei tid kor både nasjonale leiarar og menneske generelt er opptekne av meg og deg, og mitt og ditt. Kyrkja bør vere ein arena som er open for alle, der vi kan dele både forventningar, hugnadar og sorger på kryss av det som skiljar oss i møte med Gud.
Tankar frå open messe måndag 25. april
På 25. april var Sødorp kyrkje open på en måndag. Diakoniutvalet til Nord-Fron kyrkjelege fellesråd inviterte blant anna Tilrettelagte tenester i Nord-Fron kommune til kyrkja til den opne messa. Temaet som vart tatt opp i preika og dialog var påske og livet etter døden. Sidan vi framleis er i påsketida, song vi påskesalmar.