Diakoni i Nord-Fron

"Diakoni er kyrkja si omsorgsteneste. Omsorgen visast gjennom inkluderande fellesskap, vern om skaparverket og kamp for rettferd" (Plan for diakoni, 2020).

Diakoni i Nord-Fron

I Herrens bøn Vår far (Fader vår) ber vi: «Gjev oss i dag vårt daglege brød» (Matteus 6: 11). Næring frå skaperverket gjer oss i stand til å skape nytt liv. På lik linje med andre idelle organisasjonar, er Kyrkja oppteken av at menneske skal ha nok mat. Måltid er ikkje berre eit samlingspunkt for grupper og familiar, men ein føresetnad for alle med tanke på å fungere i det dagelege liv. Mål 1 Utrydde fattigdom i dei 17 Bærekraftsmåla til FN legger sterke føringer for korleis vi skal tenke. Matutdelinga vert eit reiskap i denne store samanhengen.

Matutdeling

Då vi ser at det er nødvendig og diakonalt arbeid å strekke ut ei hand til de av oss som treng det, arrangerer vi matutdeling på Nord-Fron. Når vi arrangerar matutdeling, er vi i lokaler på Vinstra.

Vi ynskjer fleire frivillige til dette veldig viktige arbeidet. Og vi ynskjer gode samarbeid med aktørar som vil bidra med mat/varer og midlar. Matutdeling er eit av tiltaka i den lokale diakoniplanen til fellesrådet. Planen favnar om Den norske kyrkja sine 4 verksemdområde for diakoni; nestekjærleik, inkluderande fellesskap, kampen for rettferd, og vern om skaparverket. Les meir via lenkene nederst på sida her. 

Du kan støtte Matutdelinga personlig eller som representant for bedrift/organisasjon: 

Vipps: 598171

Kontonummer til fellesrådet er: 2095.06.14537

 

Samtale_og_trøst

Jesus seier: Kom til meg, alle de som slit og har tungt å bera; eg vil gje dykk kvile! (Matteus 11: 28)

Kyrkja tilbyr samtaler med menneskjer i ulike livssituasjoner 

Livet går ikkje alltid på skinner. Iblant strevar vi med enkelte hendingar i liva våre. Noko kan vere vanskeleg å takla eller finna ut av.

Kyrkjas medarbeidarar har erfaring og kompetanse til å møte og samtale med menneskje med ulike behov i ulike livssituasjonar. Tilbodet er gratis, og kyrkjas medarbeidarar har teieplikt. Kontaktinfo til medarbeidarar er nederst på denne sida. 

Kirkens SOS tilbyr eit menneskje å snakka med – til ein kvar tid. Det er ein døgnåpen krisetelefon for menneske som er i ei kjennelig eller eksistensiell krise, og for den som har tanker om å ta sitt eige liv. Alle som ringer krisetelefonen vil bli møtt med forståelse og aksept. tlf: 22 40 00 40. 

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"