Ansvarsområda vil vere saksbehandling for menighetsråd, sekretær for soknprest, å vere bindeledd mellom menighetsråd og administrasjon, og vere stedfortreder i kyrkjeverja sitt fråvere. Arbeidet omfattar rekneskap, arkivering, post- og fakturabehandling, kontakt med publikum på telefon, e-post og ved besøk, mottak ved bestillingar på kyrkjelege handlingar, som dåp og bryllaup. Noko kveldsarbeid må påreknast.
Kvalifikasjonskrav er fullført videregåande utdanning med utdanning/erfaring innan kontorfag, administrasjon, IT. Søkjarar som har erfaring frå og/eller interesse for kyrkjeleg arbeid blir vektlagt. Personen må være medlem av Den Norske Kyrkja, og disponere bil. Personlege eigenskapar vert vektlagt.
Vi tilbyr ein trivelig arbeidsplass med gode kollegaer og godt samhald i staben. Staben består av kyrkjeverje, to organister, diakon/trusopplærar, sekretær og fire kyrkjetenarar. I tillegg er det to prestar som har sitt arbeid i dei fire sokna; Sødorp, Kvam, Kvikne og Skåbu.
For stillinga gjeld lover, reglement og tariffavtale knytt kyrkjeleg sektor. Det er pensjon i KLP.
Spørsmål om stillinga rettast til kyrkjeverje, telefon: 612 16 290, eller mobil: 99 11 39 36.
Aktuelle søkjarar vert innkalla til intervju. Søknad med kopi av attester og vitnemål sendast innan 10.02.2023, til Nord-Fron kyrkjelege fellesråd, v/kyrkjeverje, Nedregate 50, 2640 Vinstra, eller på e-post. Se lenke til Kyrkjeverjas e-post nederst på sida.