Hovudarbeidsstad vil vera i Sødorp kyrkje og Sødorp kapell, og Skåbu kyrkje og Kvikne kyrkje, men den som vert tilsett vil gå inn i eit team med dei andre kyrkjetenarane hjå oss, og teneste ved dei andre kyrkjene og kyrkjegardane i kommunen må påreknas.
Arbeidet vil hovudsakleg gå ut på vedlikehald og tilsyn med bygningar, teknisk utstyr og uteareal i tilknyting til kyrkjene i kommunen.
Teneste ved kyrkjelege handlingar og andre arrangement i kyrkjene inngår i stillinga. Dette medfører ein del arbeid på kveldar, helger og høgtider.
Vi søker personar som er praktisk eigenskapar, og som kan utføre arbeidet på ein god måte, både aleine og saman med våre andre tilsette. Personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt. Den som søkjer må vera medlem i Den Norske kirke og disponere eigen bil. Vi kan tilby ein trivelig arbeidsplass, med trivelige kollegaer. Løn etter gjeldene avtaleverk.
For nærare opplysningar om stillinga kontakt konstituert kyrkjeverje på tlf. 61 21 62 90 eller
99 11 39 36. Søknad vedlagt relevante attestar og referansar sendast innan 02.10.2022 på e-post
til kyrkjeverje eller til Nord-Fron kyrkjelege fellesråd, Nedregate 50, 2640 Vinstra