Hovudarbeidsstad vil vera i Sødorp kyrkje og Sødorp kapell, men den som vert tilsett vil gå inn i eit team med dei andre kyrkjetenarane hjå oss, og teneste ved dei andre kyrkjene og kyrkjegardane i kommunen må påreknas.
Arbeidet vil hovudsakleg gå ut på vedlikehald og tilsyn med bygningar, teknisk utstyr og uteareal i tilknyting til kyrkjene i kommunen.
Teneste ved kyrkjelege handlingar og andre arrangement i kyrkjene inngår i stillinga. Dette medfører ein del arbeid på kveldar, helger og høgtider.
Vi søker personar som har praktiske eigenskapar, og som kan utføre arbeidet på ein god måte, både sjølvstendig og saman med våre andre tilsette. Personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt. Den som søkjer må vera medlem i Den Norske kyrkje og disponere eigen bil.
Vi kan tilby ein trivelig arbeidsplass, med trivelige kollegaer. Løn etter gjeldene avtaleverk.
For nærare opplysningar om stillinga kontakt kyrkjeverje, Grete Bakken på
tlf. 61 21 62 90. Søknad vedlagt relevante attestar og referansar sendast på e-post til: grete.bakken@nord-fron.kommune.no eller til Nord-Fron kyrkjelege fellesråd, Nedregate 50, 2640 Vinstra. Søknadsfrist 19.08.2023