NASJONALT ANSVAR FOR KYRKJEKLOKKER

«Me snakkar ikkje med små overskrifter her», seier Henning Andersen, initiativtakar til eit seminar som fekk ein nasjonal dimensjon. «Det har vore svært lite fokus på denne delen av vår kristne tradisjon. Interessa hjå Kyrkja sjølv har vore varierande, og behovet for kunnskap er skrikande.»

NASJONALT ANSVAR FOR KYRKJEKLOKKER

Andersen var nok spent då han la fram ideen for Aurdal Sokneråd for snart to år sidan. Då var rådet i fint driv med å planleggje innkjøp av nye klokker, og fekk samstundes eit innblikk i kva som ligg i fagfeltet. Rådet såg at det kunne spela ei viktig rolle for å lyfte ein spanande, mangfaldig og kanskje undervurdert praksis for å kalle folk til kyrkje.
Seminaret er forankra i rådet som formell arrangør, men ein innsåg fort at det ikkje var noko rådet aleine kunne gjennomføre. I samtale med redaktør for Syn og Segn, Knut Aastad Bråten, blir også han  smitta av engasjementet. Og dermed får ideen ei form som inkluderer fleire samarbeidspartar i kommunen, i Valdres, i fylket og til riksnivå. Prosten vår, Carl Philip Weisser, er ein utilslørt klokkeentusiast, og lett å få med på laget i styringsgruppa. Fullgod gruppe vart det når kyrkjeverje i Sør-Aurdal, Liv Barbro Veimodet, takka ja til å bli med.

 

Motivert av ein kompleks situasjon.
Henning Andersen har heile livet vore tiltrekt av klokkeklangen og starta tidleg karriera som medringar i klokketårnet i Aurdal. «Eg opplevde at klokkene hadde eit stort rom i hjarta hjå dei som søkte kyrkja. Gjennom tusen år har klokkene kalla til sorg, glede og forkynning. Denne verdien ynskte eg å vidareføre til framtida,» held han fram, fullt bevisst på at klokkeringing er å utøve musikk. Heilheita ved klokkefunksjonen fekk guten til å søkje seg til kampanologi-studiet i Danmark. (Kampanologi er læra om kyrkjeklokker.) Men midt i denne kunnskapsauken vart kontrastane store for Andersen. Han såg verdien i å vera tett på klokkene, gje dei ein åndeleg funksjon, behandle dei med kjærleik, men registrerte at praksis i den Norske kyrkje lett tok motsett veg. Motivert av HMS-pålegg og ynskje om lettvinde knappe-trykk til elektriske motorar for å lette ringaren sin jobb, ser ein at tempoet i ombygging til  elektrisk ringing er farleg høgt. «Utviklinga må ikkje skje på tilfeldig grunnlag», skyt Knut Aastad Bråten inn. Han er av natur ein debatt-elskar. «Ved visse høve kan elektrisk ringing fungere, og ein kan ikkje reversere alle installasjonar der fellesråd har brukt fleirfoldige tusen kroner på å imøtekoma både HMS og Arbeidstilsyn. Det har vore viktig å invitere alle tenkjelege syn for praksis til dette seminaret». Og etter ein gjennomgang av programmet er det lett å sjå at dette er ivareteke.

 Ein utruleg bukett med innleiarar.
Førsteamanuensis i liturgikk ved Det teologiske fakultet, Merete Thomassen, tek med seg avgangs-studentane til seminaret og held sjølv innlegg om liturgien i kyrkjerommet. Fyrsteamanuensis i mellomalderarkeologi ved Universitetet i Bergen, Alf Tore Hommedal, set den levande klokkeklangen inn i eit sosiologisk perspektiv med spørsmål om kva funksjon og innverknad dette har hatt i folk sine liv til alle tider. Seniorrådgjevar hjå Riksantikvaren, Ingeborg Magerøy, belyser klokkene i folkekulturen. Bygningsvernrådgjevar i Oppland Fylkeskommune, Tore Røbergshagen tilfører praktisk syn på utfordringar og dilemma knytt til ivaretaking og drift av kyrkjebygg som kulturminne. Praktisk tilnærming får deltakarane òg ved innleiingar frå det einaste norske klokkestøyperiet Olsen-Nauen, og det danske klokkefirmaet Thubalka. Vår eigen Henning Andersen skal innleie om kampanologi og historikk, to lokale kyrkjetenarar, Odd Arne Kolbjørnshus og Svein Hegge skal fortelja frå ein kvardag som kyrkjetenarar i Vestre- og Øystre Slidre. Og ikkje minst, så er Arbeidstilsynet representert for å gje forsamlinga forståing for at arbeidsmiljø og sikkerheit uansett må ivaretakast. Det er inga motsetning i mål og middel dersom kunnskapane kjem fram og ein ser alternativa for å ivareta mange interesser.

  Praktisk prøving
Fyrste seminardagen går føre seg i Aurdal. Her er det innlagt besøk i tårnet med utprøving av ringeteknikkar som kan demonstrere at klokker er musikk-instrument. Fire klokker aukar sjølvsagt bevisgraden. Det kan vera interessant å vera Aurdøl kl. 12 denne måndagsettermiddagen, og spasertur langs ein av dei mange gangvegane i sentrum kan gje godt musikalsk fylgje.

 Samarbeidspartar
Andre seminardagen blir på Fagernes hjå Valdresmusea som er ein av samarbeidspartane. Valdresmusea har mykje erfaring med nasjonalt ansvar for delar av floraen av bevaringstiltak innan kulturminnevernet. Det er fint å kunne stø seg til deira arrangørkompetanse. Elles er arrangementet forankra i Valdres Natur og kulturpark, i kulturetaten i Nord-Aurdal kommune, i Valdres Prosti og Hamar Bispedømme. Norsk Kulturråd er sterkt inne med økonomisk finansiering, som også Riksantikvaren er.

 Målgruppa
Målgruppa er egentleg alle med interesse for kyrkjeklokker. Men som prost og representant for den liturgiske vinklinga, hadde eg sett pris på om fellesråda i det ganske land hadde prioritert å sende mange av sine tilsette til seminaret,» seier Prost Weisser.  «Får ein sådd undring og nyssgjerrigheit i organisasjonen så vil etterspurnaden etter kunnskap auke òg hjå dei som ikkje kjem seg til dette eine seminaret.» Engasjementet i Kyrkja må ikkje stoppe her, sjølv om kanskje ikkje Aurdal Sokneråd har musklar til å gjennomføre tilsvarande tiltak fleire gonger. Føredraga blir i si heilheit festa til film og lydopptak slik at det ligg latent for bruk anten til forsking, eller avhandling dersom det dukkar opp kandidatar for slikt. Såleis er dette ei investering for framtida som òg kan koma «folk flest» med interesse for klokker og kulturarv til gode.

 I Noreg finst det ikring 1900 vigsla kyrkjer. Det er ikkje med lita stoltheit arbeidsgruppa står på vidare for desse medsystrene til Aurdal Kirke. Uansett er det viktig å byggje kunnskap. Og uansett er det viktig at klokkeklangen kallar oss til åndeleg ettertanke.

Klokker i alle øyro ei heil veke.
Frå onsdag 23. mai vil eit transportabelt klokkespel frå Løgumkloster i Danmark halde klokkekonsertar rundt om i Valdres. Det blir i samarbeid med skulane og kommunane. Fredag til sundag er det nordisk møte om kyrkjeklokker, laurdag er det opne kyrkjetårn i kommunane, og sundag er det gudsteneste i Aurdal med klokkekonsert på kyrkjebakken i Aurdal i etterkant. Det blir også open konsert på museet måndag kveld. Ein treng såleis ikkje å vera seminardeltakar for å oppleva fokuset. 

Opne kyrkjetårn.
Laurdag 26. mai er det opne kyrkjetårn i Valdreskommunane. «Alle som har lyst til å gå inn i ein stupul, eller eit klokketårn for å sjå, må nytte høvet til det», seier kyrkjeverje i Sør-Aurdal, Liv Barbro Veimodet. Som medlem i arbeidsgruppa for seminaret har ho ansvar for dette vesle tilleggsarrangementet som er eit tilbod til alle nyssgjerrige. «Mange blir svært fascinerte når dei kjem nær ei klokke. Det er noko med den mektige malmen, dei vakre dekorasjonane, inskripsjonane og at dei fleste klokkene i dalen vår har kima og ringt i nokre hundre år. Dei har kalla på forfedrane våre slik som dei no kallar på oss.» I Sør-Aurdal er det  Begnadalen som har ope tårn mellom kl. 15 og 18.

I dei andre kommunene er det ope i Slidredomen, Vang, Volbu, Aurdal og Bruflat.

Gudsteneste.
Sundag 27. mai er det gudsteneste i Aurdal Kirke ved Prost Weisser, med kyrkjeklokker i fokus.

                    

Velkomne !

 

Skrive av: Oddrun Hegge, Aurdal Sokneråd

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"