Dåp

Dåpen er Guds gåve. Det er ei ja-handling. Og først og fremst er det Gud som seier ja. Heilt frå første dag har Gud sagt ja til oss. Gud elskar alle, alltid og utan atterhald.

Og foreldre og fadrar seier ja. Ved døypefonten svarar de ja til at den vesle skal høyre til kyrkja og vekse opp med den kristne trua. De seier ja til å lære barnet om trua og kva trua har å seie for livet. Men dette står de ikkje åleine om.

For kyrkja seier òg ja. Når barnet blir døypt, blir det medlem i Den norske kyrkja og ein del av fellesskapet i kyrkjelyden der de bur. Barnet vil jamleg få tilbod om å lære meir om kyrkja og trua, tilpassa alderen gjennom dei ulike trusopplæringstilboda kyrkjelyden har.

Kyrkja seier ja til å inkludere barnet dykkar i trygge og gode aktivitetar der det blir kjent med Gud, seg sjølv og andre.

Gjennom dåpen blir vi alle ein del av eit fellesskap som strekkjer seg over heile verda og gjennom alle tider. Det er ein augneblink som varer lenge.

Jesus døypte ikkje, men utfordra menneskjer han møtte til å være saman med ham og følgje ham. Dei som følgde Jesus fekk i oppdrag å gi dåpen vidare til menneskjer over heile verda og å undervise om Guds gode vilje med menneskenes liv.

I bibelteksten ein les i dåpsliturgien, sei Jesus: «Eg har fått all makt i himmelen og på jorda. 19 Gå difor og gjer alle folkeslag til læresveinar: Døyp dei til namnet åt Faderen og Sonen og Den heilage ande 20 og lær dei å halda alt det som eg har bode dykk. Og sjå, eg er med dykk alle dagar så lenge verda står.» (Matteusevangeliet kapittel 28, vers 18-20).