Kirken.no bruker såkalte cookies til trafikkmåling og optimalisering av innhold. Hvis du klikker «Jeg forstår, lukk meldingen» aksepterer du at vi bruker cookies på sidene. Vil du vite mer om cookies, trykk «les mer».

Jeg forstår, lukk meldingen

Les mer

Årets fasteaksjon blir digital, og er kanskje den viktigaste nokosinne

Denne veka og neste veke skulle konfirmantane ha møtt i kyrkja for å lære om fasteaksjonen og Kirkens Nødhjelp. Kirkens Nødhjelp er akkurat det som ligg i namnet, nemleg norske kyrkjer sin naudhjelpsorganisasjon. Grunna koronasituasjonen har vi kasta oss rundt og lagt om til digital undervisning, slik at konfirmantundervisninga går så normalt som mogleg.

Konfirmantane har tidlegare lært at vi er ein del av den kristne fellesskapen, ein del av ei verdsvid kyrkje. Det er eit viktig element å ha med når vi lærer om Kirkens Nødhjelp og Fasteaksjonen.

I den årlege fasteaksjonen samlar konfirmantar frå heile landet, også Ulstein, inn pengar til Kirkens Nødhjelp sitt viktige arbeid. I år skal vi IKKJE gå med bøsse frå dør til dør grunna koronaviruset. I staden brukar vi den digitale bøssa, og har ein digital innsamling på facebook. Innsamlingsaksjonen finn du her:

https://www.facebook.com/donate/324904881800871/324904898467536/

Under normale omstende brukar Fasteaksjonen å samle inn i overkant av 100.000,- kroner i Ulstein kommune. Grunna den spesielle situasjonen, også med omsyn til at mange er eller står i fare for å bli permitert, har vi satt oss eit mål om å samle inn 50.000,- kr.

Om du vil lese meir om Kirkens Nødhjelp eller fasteaksjonen, kan du gå inn her:

www.kirkensnodhjelp.no

www.fasteaksjonen.no

Jesaja 58, 5-7:

Er dette den fasta eg har valt,
          ein dag då mennesket plagar seg sjølv,
          bøyer hovudet som eit siv
          og legg seg i sekk og oske?
          Kallar du dette for faste
          og ein dag etter Herrens vilje?
          
     6 Nei, dette er fasta eg har valt:
          å løysa urettferdige lenkjer,
          sprengja banda i åket,
          setja undertrykte fri
          og å bryta kvart åk sund,
          
     7 å dela ditt brød med svoltne
          og la hjelpelause og heimlause koma i hus.
          Du skal sjå til den nakne og kle han,
          du skal ikkje snu ryggen til dine eigne.

Kontaktinformasjon for Ulstein sokn

Besøksadresse:

Kyrkjekontoret

Sjøgata 61

6065 Ulsteinvik

Ope: Kvardagar kl 09-15

Postadresse:

Ulstein Sokn

Postboks 143

6067 Ulsteinvik

Ansvarleg redaktør: Christfried Kaul

Telefon: 70 01 76 80

Epost: post.ulstein@kyrkja.no

Organisasjonsnummer: 976997093

Bankkonto:
Ulstein sokn: 3991.09.68045
Ulstein nye kyrkje: 8647.12.18997

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"