Eit viktig steg mot realisering av Ulstein nye kyrkje

I samband med 10årig investeringsplan har Ulstein kommunestyret 28.10.2021 fatta følgjande vedtak: «Ulstein kommune har som intensjon at Nye Ulstein kyrkje skal byggast. Ulstein kommunestyre ber Ulstein sokn halde fram arbeidet med deira del av den samla finansieringa.»

Vedtaket er eit viktig steg vidare fram mot at Ulstein nye kyrkje kan bli realisert, og vedtaket gir oss også eit signal om å halde fram med engasjementet for ei ny kyrkje.

At Ulstein kommunestyret har fatta dette vedtaket samrøysta viser at intensjonen har ei brei politisk forankring. Vi er glade for at politikarane tek dei utfordrande forhold Ulstein sokn må drive sitt arbeid under på alvor, og ser sitt ansvar i det.

Parallelt med den politiske handsaming av Ulstein kommune sin 10årig investeringsplan har soknet jobba med å gjere ein del endringar i prosjektet:

  1. Soknet har gått gjennom romprogrammet og sett på moglegheiter for å redusere areal.
  2. Saman Sporstøl arkitekter, byggingeniørfirma Conplan og arkitektkontoret Snøhetta har vi utfordra konstruksjonsløysingar i skisseprosjekt, og sett på val av materiale.
  3. Materialval for tak og fassade har vi hatt ekstra fokus på med omsyn av klimaforhold og vedlikehaldskostnader, og vi har gått vekk frå tre som materialet for kledning.
  4. Det er ei målsetting å få kostnadene redusert frå 102 MNOK til 85 MNOK med utgangspunkt i talmaterialet frå skisseprosjekt frå 2017.

Denne prosessen er vi ikkje kome heilt i mål, men vi er på god veg mot å klare dette.

Soknet sitt bidrag til finansiering vil vere å betale interiøret og utstyr som den nye kyrkja treng av innsamla midlar og i tillegg kunne klare å ta ansvar for betaling av renter og avdrag sjølv dei første fire år. Med fast gjevarteneste og ulike innsamlingsaksjoner er vi eit stykke på veg, men vi treng å fornye engasjementet for å nå målsettinga. Per oktober 2021 er det samla inn 6,5 MNOK.

Vedtaket i kommunestyret styrker tilliten til at Ulstein nye kyrkje vil bli realisert, og vi håper at dette også vil auke gjevargleda, som igjen vil styrke prosjektet på veg mot ei snarleg realisering.

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på "Oppdater samtykke". Evt. klikk på "Godta alle cookies" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Ulstein sokn

Besøksadresse:

Kyrkjekontoret

Sjøgata 61

6065 Ulsteinvik

Ope: Tysdagar til fredag kl 10-14

Postadresse:

Ulstein Sokn

Postboks 143

6067 Ulsteinvik

Ansvarleg redaktør: Christfried Kaul

Telefon: 70 01 76 80

Epost: post.ulstein@kyrkja.no

Organisasjonsnummer: 976997093

Bankkonto:
Ulstein sokn: 3991.09.68045
Ulstein nye kyrkje: 8647.12.18997

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"