Jubileumsboka: Kyrkja i Ulstein - eit ankerfeste i tida

Over kyrkjedøra vår rita kyrkjebyggarane i si tid inn ord frå Salme 100: Gå gjennom hans portar med takkesong. I 170 år har folket gått gjennom portalen med desse orda. Somme gonger med takk over eit nyfødd barn i armane. Andre gonger ein kvit flokk av konfirmantar i finstasen og utvaksen dåpsklednad.

Jubileumsboka: Kyrkja i Ulstein - eit ankerfeste i tida

Slik innleiar sokneprest Margit Lovise Holte i forordet til jubileumsboka for Ulstein kyrkje. I 2019 er det 170 år sidan kyrkja blei reist ute på gamle Ulstein kyrkjestad. I 1878 blei kyrkja flytta til Ulsteinvik sentrum. Jubileumsboka er på mange måtar like mykje ei fortelling om Ulstein kommune som om kyrkja. Innbyggarane i Ulstein har eit sterkt forhold til kyrkja og kyrkjelivet vever seg inn i dagleglivet til innbyggarane.

Det er Asle Geir Widnes Johansen som har forfatta boka og fotograf Cecilie Hatløy har stått for dei illustrative bilda og bilde av inventaret. Osberget har hatt ansvaret for oppsettet. Margit Lovise Holte og Magne Grimstad jr. har vore redaktør for boka. I tillegg har Britt Opsahl Myrene frå Ulstein kommune, Annelise Kleven Godø frå Ulstein sokn og Inge Håkonsholm frå Ulstein historielag site i redaksjonsnemnda.

Boka kostar kr. 350 og du kan kjøpe det på kyrkjekontoret (tysdag - fredag 09:00 - 15:00) eller på ulike arrangement i kyrkja sin regi fram mot jul.

Du kan også bestille boka med bestillingsskjema heilt nederst i artikkelen.

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"