Oppdatering smittevern i Ulstein kyrkje

Korona- pandemien er utfordrande for samfunnet og med den mest travle «kyrkjemånaden» i vente skaper dei nye smittevernsforskriftane hovudbry for oss i kyrkja i Ulsteinvik. Men vi skal vere ei kyrkje som er til stades

Det viktigaste målet er å bidra til at smitten ikkje sprer seg meir i samfunnet. Å følgje restriksjonane som er gitt og ha best moglege smittevernsrutiner på våre arrangement er sjølvsagt.

Men det er like viktig å vere til stades som kyrkje i samfunnet. Vi skal forkynne evangeliet, vi skal døype, vi skal gravlegge dei som går frå oss og vi skal feire gudsteneste. Vi skal strekke ut ei hjelpande hand til dei som treng det, vi skal synge og spele til Guds ære og til glede for menneske, vi skal opprettehalde fellesskapen, vi skal vise omsorg og vi skal be for kvarandre og for verda.

Sjølv om vi berre kan ha 50 deltakarar på gudstenester for tida skal du kjenne deg velkomen! Du treng ikkje å kjenne på at du «tek plassen» til nokon andre. Ver frimodig og kom. Vi vil sjølvsagt også overføre fleire gudstenester på nett slik vi måtte gjere det våren 2020.

Dei fleste konserter skal vi gjennomføre – sjølv om det er også her er eit tak på 50 besøkjande. Vi streamer alle konserter (og gudstenester) til sjukeheimen. Her sitt det mange som ikkje kjem seg ut i desse tider og som treng dette tilbodet. Mange konserter vil også bli sendt på nettet når vi ser at det blir fullt i kyrkja.

Det er ein del ting som ikkje er avklart når det gjeld advents- og juleprogram. Vi oppdaterer fortløpande.

Denne veka står på planen:

12.11. kl. 19:00 Beethovenkveld nr. 3.
Det nye pianoet klinger svært godt i Ulstein kyrkje. Og Ståle har varma fingrane godt opp. Plass til 50 personar i publikum. Blir også overført på nettet og på sjukeheimen.

14.11. kl. 18:00 Konsert med ULF
Plass til 50 personar i publikum. Blir også overført på nettet og til sjukeheimen.

15.11. kl. 11:00 Gudsteneste
Preike ved generalsekretær i Norges kristne råd, Erhard Hermansen. Minning. Årsmøte i soknet etterpå. Plass til 50 deltakande. Blir også overført på nettet og til sjukeheimen.

Alt er under forehold om at vi må stramme inn yttarlegare.

Kontaktinformasjon for Ulstein sokn

Besøksadresse:

Kyrkjekontoret

Sjøgata 61

6065 Ulsteinvik

Ope: Tysdagar og torsdagar kl 10-14

Postadresse:

Ulstein Sokn

Postboks 143

6067 Ulsteinvik

Ansvarleg redaktør: Christfried Kaul

Telefon: 70 01 76 80

Epost: post.ulstein@kyrkja.no

Organisasjonsnummer: 976997093

Bankkonto:
Ulstein sokn: 3991.09.68045
Ulstein nye kyrkje: 8647.12.18997

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"