Konsert: Luthersalmer i ny tonedrakt

Velkomen til konset i Ulstein kyrkje 26.10. kl 20.00: Magnus M. Myhre (komponist og pianist) har skrive nye melodiar og ny musikk til Luther sine tekstar og Maria Holand Tøsse er vokalist. Ho er også kjend frå youtube-klippet der ho song «You raised me up», gåande opp midtgongen som brud i Ålesund kyrkje. Dette opptaket har gått verda rundt, og er sett 41 million gongar. I denne konserten får vi difor møte tekstane i ein helt ny musikalsk drakt som famnar i frå gospel/jazz til country/folkemusikk. Med nye tonar og rytmar, opnar også tekstane seg opp og møter oss på nye måtar. Luther sine ord blir igjen ein skatt å ta med seg i livet!

Maria Holand Tøsse er ein av fleire som tar del på konserten i Ulstein kyrkje, med Luthersalmer i ny tonedrakt.

Luther Reformed

Martin Luther sine salmar har i fleire hundre år vore ein del av kyrkja sin viktigaste songskatt. I våre dagar er det stort sett «Vår Gud han er så fast ei borg» som blir sunge, mens resten av salmane hans sakte men sikkert støvar ned. Jubileumsåret for reformasjonen er eit gyllent høve til å sjå at Luther sine salmetekstar er utruleg sterke og relevante også inn i vår tid. På same måte som Luther sjølv greip til kjent musikk i si samtid for å spreie tekstane sine, har domorganist i Molde Magnus Moksnes Myhre skrive nye melodiar og ny musikk til Luther sine tekstar. I denne konserten får vi difor møte tekstane i ein helt ny musikalsk drakt som famnar i frå gospel/jazz til country/folkemusikk. Med nye tonar og rytmar, opnar også tekstane seg opp og møter oss på nye måtar. Luther sine ord blir igjen ein skatt å ta med seg i livet!

Vokal             Maria Holand Tøsse
Flygelhorn    Lena Haugen Mordal
Bass              Lars Martin Vik
Slagverk       Micah Dale
Piano            Magnus M. Myhre

Billettsal i døra: kr. 100,-.

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"