Nytt oppsett av kyrkjebenker i kyrkja

Frå no av kan det vere 90 deltakarar på gudstenester, vigsler, gravferd og konsert i kyrkja For å få dette til måtte vi fjerne nokre kyrkjebenkar frå kyrkja og lagre dei eksternt.

Smittevernsreglane har hatt og vil framleis ha stor påverknad på arbeidet vårt. Det har vore eit sakn for mange å kunne møtast i kyrkja og vi jobbar det vi kan for at alle som ønskjer, har mulighet for å kome. Det er svært krevjande i ei kyrkje som allereie frå før av er for lita. Denne våren har det resultert i at vi måtte ha langt fleire gudstenester enn vanleg.

Vi har gått gjennom kyrkja saman med kommuneoverlegen laga eit nytt oppsett av benker i kyrkja som gir plass for flest mogleg. Det er til saman 7 benker som har blitt fjerna frå kyrkja. Så langt det lot seg gjere med desse fastmonterte røyromnane, er avstanden mellom benkane auka. Endringane gir plass i kyrkja til 90 personar med 1m avstand skulder til skulder.

Når det er personar som bur i same husstand, kan dei sjølvsagt sitje tettare, men må passe å halde 1m avstand til neste «husstand». I praksis vil dette ofte gi plass til nokon fleire i kyrkja. Det er eit felles ansvar for oss som arrangør og deltakarane å innrette seg etter smittevernsreglane og vi må bruke noko skjønn for å vurdere om kyrkja er fullsatt.

Det er ikkje lenger påmelding til gudsteneste, alle kan kome, men om kyrkja er fullsatt må vi dessverre sende folk heim igjen. På grunn av eventuell smittesporing treng vi likevel å føre ei liste over dei som er til stades på gravferd, gudsteneste eller andre andre arrangement i kyrkja. Dette gjer vi ved at alle skriver namnet sitt og telefonnummer på ein lapp som vil ligge i kyrkjebenken og som vil bli samla inn etterpå. Dette vi bli kasta etter 10 dagar.

Vi er også tilbake til vanleg gudstenestetidspunkt kl. 11.00. Det er plass for inntil 3 dåp på desse gudstenestene. Dersom vi veit at det er mange som kjem til gudstenestene vil det av og til også blitt satt opp ekstra dåpsgudstenester.

Både kyrkjekaffi, søndagsskule, og gudstenester med kor og band vil vi starte oppatt igjen til hausten.

Ulstein kyrkje vil vere open for besøkjande tysdag – fredag kl. 08:00 -16:00 også i sommar

Kontaktinformasjon for Ulstein sokn

Besøksadresse:

Kyrkjekontoret

Sjøgata 61

6065 Ulsteinvik

Ope: Kvardagar kl 09-15

Postadresse:

Ulstein Sokn

Postboks 143

6067 Ulsteinvik

Ansvarleg redaktør: Christfried Kaul

Telefon: 70 01 76 80

Epost: post.ulstein@kyrkja.no

Organisasjonsnummer: 976997093

Bankkonto:
Ulstein sokn: 3991.09.68045
Ulstein nye kyrkje: 8647.12.18997

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"