Torsdagskveldane på Fredheim startar opp att!

Denne veka tek torsdagskveldane til att for denne hausten, eit samarbeid mellom Ulstein Sokn, NMS og KFUK/M. Førstkomande torsdag får me besøk av Kristin Nordseth, tidlegare landsungdomssekreter og informasjonsjef i Det Norske Misjonsselskap (NMS).

Torsdagskveldane på Fredheim startar opp att!

Førstkomande torsdag, 20. september kl. 20.00, får me besøk av Kristin Nordseth, tidlegare landsungdomssekretær og informasjonssjef i Det Norske Misjonsselskap (NMS). Ho har no i mange år undervist på Menighetsfakultetet (MF). Kristin har forska mykje i korleis misjonskvinnene i kvinneforeiningane fungerte og var med å bygde samfunnet, og lyfte fram kvinnene for 100 – 150 år sidan. Dette var også sterkt medverkande til at NMS allereie i 1904 gav kvinnene stemmerett i organisasjonen, 9 år før det vart allmenn stemmerett i Norge. No ser me at det same skjer blant kvinnene i søsterkyrkjene i Afrika og Asia. Me har ei matykt og får høve til å gi ei gåve til misjonsarbeidet.

 

I tillegg er det planlagt to temakveldar til denne hausten. Torsdag 18. oktober kl 20.00 blir det bibeltime ved sokneprest Margit Lovise Holte, med temaet: Korleis tru når livet byr på store utfordringar? Korleis møter vi kvarandre i kyrkjefellesskapet når nokon har store utfordringar i livet? Høyrer vi andre sitt rop?

 

Torsdag 22. november kl 20.00 blir det temakveld ved Liv Osnes Dalbakken med temaet «Kunsten å tru». Våren 2018 vann Liv ein kronikkonkurranse i avisa Vårt Land, med kronikken Kunsten å tro. Vi har invitert Liv til samtale og felles refleksjon rundt temaet ho tok opp i kronikken. Når tru er nok til å bli frelst, kva då med den som ikkje klarer å tru?

Velkomen til spennande og interessante torsdagskveldar på Fredheim!

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"