Vil du bli vår nye kantor?

Ståle Helvig går av med pensjon rundt jul 2020. Vi søkjer etter ein engasjert kantor / kyrkjemusikar i Ulstein frå 1. januar 2021. I Ulstein er det eit rikt musikalsk miljø og eit engasjert musikalsk arbeid med barn og ungdom

Vi søkjer etter ein engasjert kantor / kyrkjemusikar som kan vere med å gjere visjonen vår, Ulstein kyrkje – saman på ferda, verkeleg for medlemmar og for alle innbyggarane i Ulstein.

Som kantor i Ulstein kan ein bygge på eit rikt kulturliv, gode samarbeidsrelasjonar med lokale musikarar og ein mangfaldig kultur for kor og allsong.
I arbeid med gudsteneste og kyrkjelege handlingar er kantoren den næraste samarbeidspartnaren til presten.
Kantoren er leiaren for kyrkjelyden sitt musikkarbeid og må også kunne handtere instrument som piano og kyrkjeorgel profesjonelt.
Kyrkjelyden driv kor, både for barn, ungdom og vaksne og kantoren har ei sentral rolle i å inspirere kora. 

Det er ønskjeleg at kantoren har ei brei musikalsk kompetanse for å leie kyrkjelyden i salmessong og lovsong, både gjennom tradisjonelle og moderne, yngre musikkuttrykk. Samspel med frivillige krefter er avgjerande i dette. 

Kantoren er også ein viktig ressurs i kyrkjelyden sitt arbeid med barn og ungdom. 

Kantoren vil bli blir del av ein kreativ og kompetent stab, der vi er glade i arbeidet vårt og folka vi er sett til å tene. Vi arbeider sjølvstendig og i team med kvarandre og frivillige medarbeidarar. Samhandlinga mellom sokneråd, stab og utval er god, og kyrkja sitt arbeid er respektert og verdsett som ein viktig del av lokalsamfunnet. Kyrkja har godt samarbeid med mange aktive kristne lag og organisasjonar som speidar, KFUK-KFUM, KRIK, søndagsskulen og misjonsorganisasjonane.

Arbeidsoppgåvar
  • Kantoren leiar soknet sitt musikk- og kulturarbeid gjennom:
  • Å leie kyrkjelyden i song og musikalske uttrykk i gudsteneste, kyrkjelege handlingar, andaktar og andre samankomster
  • Å drive korarbeid og fremje allsong
  • Å samarbeide bredt med lokale musikkrefter
  • Å ta vare på gamle tradisjonar
  • Å fornye musikalske og kulturelle uttrykk
  • Å rekruttere og rettleie frivillige
  • Å bygge fellesskap i kyrkjelyden
  • Å fremje konsertaktivitet i kyrkjerom
  • Å samarbeide med frivillige organisasjonar 
Kvalifikasjonar
  • Vi søkjer ein kantor med god fagleg bakgrunn og kyrkjemusikalsk kvalifikasjon.
  • Søkjarar med annan relevant utdanning eller bakgrunn er også velkomen til å søkje
  • Det vert vist til «Kvalifikasjonskrav og tenesteordning for kantorer» fastsett av Kyrkjemøtet og «Plan for kyrkjemusikk for Den norske kyrkja».
  • Meistre norsk flytande, munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
  • Det vil bli lagt vekt på at den som blir tilsett er egna for stillinga, og vi vi har forventningar til at kantoren har:
  • Evne til å inspirere og skape songglede
  • Evne og vilje til både å arbeide sjølvstendig og i team med stab, frivillige og musikalske aktørar
  • Evne til å ta initiativ og å fremja kyrkja si plass i lokalsamfunnet Evne til å vere løysingsorientert, kreativ og fleksibel
Vi tilbyr
  • Godt kollegialt samarbeidsklima og fellesskap
  • Spanande, varierte og utfordrande arbeidsoppgåver
  • Høve til å profilere seg som musikkar
  • Høve til sjølv å påverke eigen arbeidssituasjon
  • Orgelet i Ulstein kyrkje er eit mekanisk sløyfelade-orgel, bygd av Paul Ott i 1976.Ombygget / utvida i 2007. Setzer-anlegg for førhandsregistrering. Orgelet har i dag 19 stemmer.
  • I desember 2019 fekk kyrkja eit nytt Steinway K-132 piano
  • Løn etter regulativ i KA
  • Pensjons- og forsikringsordninger i KLP
  • Ulstein kyrkjelege fellesråd er IA-bedrift

Anna

  • Den som blir tilsett må vere medlem i Den norske kyrkja
  • Den som blir tilsett må legge fram politiattest.
  • Tiltreding i stillinga 1. januar 2021.
  • Les meir om Ulstein sokn: www.ulsteinkyrkje.no
  • Les meir om Ulstein nye kyrkje: www.ulsteinnyekyrkje.no

Les heile annonsen på webcruiter og søk på stillinga

Kontaktinformasjon for Ulstein sokn

Besøksadresse:

Kyrkjekontoret

Sjøgata 61

6065 Ulsteinvik

Ope: Kvardagar kl 09-15

Postadresse:

Ulstein Sokn

Postboks 143

6067 Ulsteinvik

Ansvarleg redaktør: Christfried Kaul

Telefon: 70 01 76 80

Epost: post.ulstein@kyrkja.no

Organisasjonsnummer: 976997093

Bankkonto:
Ulstein sokn: 3991.09.68045
Ulstein nye kyrkje: 8647.12.18997

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"