Kirken.no bruker såkalte cookies til trafikkmåling og optimalisering av innhold. Hvis du klikker «Jeg forstår, lukk meldingen» aksepterer du at vi bruker cookies på sidene. Vil du vite mer om cookies, trykk «les mer».

Jeg forstår, lukk meldingen

Les mer

Kyrkjelydspedagog/trusopplærar i Ulstein, 100%

Ulstein Sokn søkjer ein engasjert og sjølvstendig person som kyrkjelydspedagog/trusopplærar for kyrkjelyden vår frå 1. oktober 2019

Som kyrkjelydspedagog/trusopplærar vil ein vere ansvarleg for planlegging og gjennomføring av kyrkjelyden si trusopplæring etter ein godkjent og etablert plan.  Trusopplæringsplanen tilbyr undervisningstilbod for alle aldersgrupper frå 0 til 18 år.  Av ei 100% stilling vil arbeid med trusopplæring utgjere 90%, 10% vil vere oppgåver i kyrkjelyden sitt barne- og ungdomsarbeid.

Ulstein Sokn har eit godt samarbeid med andre kristne lag og organisasjonar som søndagsskule, Krik, TenSing, TwenSing, Korklubb og speidar, og kyrkja sitt arbeid vert verdsett og respektert som ein viktig bidragsytar i lokalsamfunnet.

Som del av ein kreativ og kompetent stab, vil ein få arbeide sjølvstendig, i team, saman med frivillige og på tvers av fagområda, og med visjonen vår; «Ulstein Kyrkje – saman på ferda» som overordna mål.

Arbeidsoppgåver:
Kyrkjelydspedagogen er ansvarleg for gjennomføring og administrasjon av kyrkjelyden sitt trusopplæringsarbeid. For å nå måla som er satt for trusopplæring er kyrkjelydspedagogen sett til å:

  • Planlegge og gjennomføre trusopplæringstiltak etter ein godkjend lokal plan for trusopplæring
  • Sikre god kommunikasjon og informasjonsflyt før, under og etter trusopplæringstiltakene
  • Vidareutvikling og kvalitetssikring av tiltakene saman øvrig stab
  • Rekruttere og samarbeide med frivillige medarbeidarar
  • Utvikle kyrkjelyden sitt barne- og ungdomsarbeid saman med tilsette, frivillige og frivillige organisasjonar
  • Halde seg fagleg oppdatert

Kvalifikasjonar:

  • God fagleg bakgrunn og utdanning innan pedagogikk og kristendom (bachelor)
  • Søkjarar med annan relevant utdanning er også velkomne til å søkje

Eigenskapar:
Vi søkjer etter ein engasjert medarbeidar som kan:

  • skape tillit og god kommunikasjon med born, ungdom og foreldre
  • arbeide sjølvstendig
  • formidle tru gjennom ulike læringsarena
  • samarbeide med stab, frivillige og andre samarbeidspartar
  • er løysingsorientert, kreativ og fleksibel

Vi tilbyr:

  • Eit godt, engasjert og kreativt fellesskap av tilsette og frivillige medarbeidarar
  • Spanande, varierte og utfordrande arbeidsoppgåver
  • Fleksibilitet til å påverke eigen arbeidssituasjon    
  • Løn etter regulativ i KA og pensjons- og forsikringsordningar i KLP

Anna:

  • Du må vere medlem i Den norske kyrkja
  • Du må legge fram politiattest.
  • Les meir om Ulstein sokn: www.ulsteinkyrkje.no
  • Søknad sendes til: post.ulstein@kyrkja.no
  • Søknadsfrist: 4. august 2019
  • Ved spørsmål eller meir informasjon ta kontakt med kyrkjeverje Christfried Kaul, tel.: 91696820

Ulsteinvik er ein attraktiv stad å bu i med ein fantastisk natur rundt som byr på alt frå surfing på Flø, til tindeklyving i Sunnmørsalpane og kort veg til populære skianlegg. Det urbane er tilgjengeleg i bygdebyane og Ålesund, og det er kort veg til to flyplassar. Kommunen har full barnehagedekning og gode tilbod innan skule og fritidsaktivitetar, og ein etablert kulturskule. Med moderne kulturhus, bibliotek, svømmehall, klatrehall, og mange moderne idrettsanlegg som er heimebane for bl.a. fotballklubben Hødd og Dimna IL, har Ulsteinvik det som skal til for å vere ein framtidsretta plass.

Kontaktinformasjon for Ulstein sokn

Besøksadresse:

Kyrkjekontoret

Sjøgata 61

6065 Ulsteinvik

Ope: Kvardagar kl 09-15

Postadresse:

Ulstein Sokn

Postboks 143

6067 Ulsteinvik

Ansvarleg redaktør: Christfried Kaul

Telefon: 70 01 76 80

Epost: post.ulstein@kyrkja.no

Organisasjonsnummer: 976997093

Bankkonto:
Ulstein sokn: 3991.09.68045
Ulstein nye kyrkje: 8647.12.18997

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / Fjern kirken.no fra blokkert.

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"