Kostar det noko å vere med?
Vi set stor pris på om du har høve til å betale kr. 50,- for å dekke noko av utgiftene.
Vipps 80743. Merk med «3-år, og barnet sitt navn». Det er og høve til å betale kontant ved oppmøte.
Ta gjerne kontakt med underteikna eller kyrkjekontoret om det er noko de lurer på.
Vel møtt til ei kjekk formiddagsstund på Fredheim, laurdag 30. mars, kl. 11.00!
Spisebrikke til dei som fyller 3 år i år.
Vi ønskjer hjarteleg velkomne til lunsj, prat, leik og song oppe på Fredheim, laurdag 30. mars 2018, kl. 11.00 (varighet. ca. 1-1,5 time) Sidan fleire i ettertid har sagt at dei ikkje hadde høve til å kome på 2-års samlinga i haust, har vi lyst til å invitere dykk alle på nytt til lunsj og songstund på Fredheim, der vi også deler ut spisebrikka til dei som ikkje fekk sist, og som no blir 3 år i år. Spisebrikka har mange fine motiv på kvar side og vi håper at den kan vere i dagleg bruk og at det kan vere ei lita påminning om å lære borna bordbøner og songar. Spisebrikka er personleg, med barnet sitt namn og dåpsdato. Vi startar med ei kjekk lita songstund med Line Lervik Aksnes. Deretter blir det utdeling av spisebrikke og vi byr på ein god lunsj. Konfirmantane har leikekrok nede for eldre syskjen under samlinga.De kan melde dykk på arrangementet via sms til Wendi: 95 76 46 07, eller på mail til ws344@kyrkja.no Det er ikkje lenge til, så meld dykk gjerne på med ein gong. Hugs å oppgi namnet på barnet og kor mange som vil ha lunsj. Om du ikkje har anledning sjølv, så kan ein fadder eller besteforeldre følgje barnet.