Dåpsskulen for dei som er født i 2018             Januar 2024

2024 blir eit spennande år for deg som skal byrje på skule! Om du har lyst, kan du allereie i januar vere med på eit av dei mest populære trusopplæringstilboda våre, nemlig Dåpsskulen i Ulstein kyrkje. Her kan du bli kjent med andre som skal byrje på skulen til hausten.

Frå samlinga med påskevandring

Påmeldinga til dåpsskulen er opna - og desember går fort, så om de veit at barnet skal vere med, meld det på allereie no. Elles så er det mogleg å melde seg på heilt fram til første samling.

PÅMELDINGSSKJEMA nederst på denne sida.

Viktige datoar for dåpsskulen i 2024

Torsdag 4. januar kl 20.00 - foreldremøte i kyrkja

Tirsdag 9. januar kl 17:30 - 1. samling. Tema: Kyrkja

Tirsdag 16. januar kl 17:30 - 2. samlin. Tema: Sakkeus

Søndag 21. januar kl 11:00 - NRK - gudsteneste der dåpsskulen tek del

Tirsdag 23. januar kl 17:30 - 3. samling m/kveldsmat. Tema: Bartimeus

Tirsdag 30. januar kl 17:30 - 4. samling. Tema: Vi utforsker kyrkja

Det er fint om ein vaksen er med barnet på samlingane. Om ikkje mor eller far kan, kan de til dømes spørje ein fadder, tante eller bestefar, om dei kan vere med.

Dåpsskulen er et tilbod i kyrkja for barn som fyller 6 år i 2024. Barnet får best utbytte av å vere med på alt, men dagane er travle og om det ikje skulle passe ein dag så sender de berre melding til Ingrid eller Bjørn

Eigenbetaling: Vi set pris på at dei som kan, betalar kr. 100. Dette dekker utgifter til materiell. Bruk Vipps 801600 velg dåpsskulen

Kontakt oss gjerne om de lurer på noko eller om det er noko de tenkjer det er greitt at me veit om. Når vi veit, kan vi legge til rette for barnet ditt, så opplevinga blir god.

Velkomen til 4 tirsdags samlingar og 1 kjekk gudsteneste! Om det er noko de lurar på så er det berre å ta kontakt med Bjørn Losvik eller Ingrid Madli Sæter. 

Bjørn Losvik; tlf 905 80 051

Ingrid Madli Sæter; tlf 474 01 349

Ulstein kyrkjekontor; tlf 700 17 680

Påmelding

Eg samtykker til å motta informasjon om trusopplæring og andre tilbod som passer for mitt barn på mi e-postadresse
Bruk av bilete til bruk i Ulstein sokn sitt informasjonsarbeid der barnet mitt er godt synleg. Eg tillet bruk av bilete av mitt barn.
Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"