Adventsnatt i Ulstein kyrkje laurdag 2. desember til søndag, 3. desember

Velkomen til adventsnatt i Ulstein kyrkje! Ulstein kyrkje inviterer 11-åringar til eit døgn med aktivitetar og overnatting i kyrkja. Advent handlar om lyset som kom til verda – i tillegg til at første søndag i advent markerer starten på eit nytt kyrkjeår. Dette skal vi feire i lag. Advent er ei fin tid til å vere oppmerksom på det som skjer rundt oss, overfor Gud, kvarandre og oss sjølv.

Kom å bli med på Adventsnatt i kyrkja!

Laurdag 2. desember kl 14:00 startar vi med registrering i kyrkja. Denne dagen skal bli kjende med kvarandre, ha kreative aktivitetar, utforske kyrkja, lage gudsteneste, lære LysVåken-songen, sjå film og kose oss med god mat, og til slutt sove i kyrkja.

Det er valfritt om barna vil sove i kyrkja eller heime natt til søndag. Hvis barnet har vanskar med å falle til ro ved overnatting i kyrkja tek vi kontakt etter ei stund slik at føresette kan hente barnet til ei god natt med søvn heime.

Søndag 3. desember et vi frukost saman, før vi førebur oss til gudstenesta kl 11.00, som vi tek del i. Foreldre, søsken, familie og fadrar er som alltid hjarteleg velkomne til å kome på gudstenesta. Vi avslutter Adventsnatt i kyrkja med kaker på kyrkjekaffien (ferdig til kl 13.00).   

For at Adventsnatt skal bli ei trygg og god oppleving for alle, treng vi hjelp frå nokre foreldre. Det gjeld litt kjøkkenhjelp, men spesielt vaksne nattevaktar i kyrkja (utan vaksne nattevaktar har vi ikkje lov til å overnatte i kyrkja). Foreldre kan melde interesse for desse oppgåvene i påmeldingsskjemaet.

Påmeldingsfrist 28. november.

Deltakaravgift er kr 150,- Dette hjelper oss å dekke noko av utgiftene til måltid, samt utgifter til materiell. Bruk Vipps 801600 velg Adventsnatt i kyrkja.

Oversikt over kva du treng å ta med deg, får du på e-post via foreldra dine når det nærmar seg.

Påmelding

Eg samtykker til å motta informasjon om trusopplæring og andre tilbod som passer for mitt barn på mi e-postadresse
Bruk av bilete til bruk i Ulstein sokn sitt informasjonsarbeid der barnet mitt er godt synleg. Eg tillet bruk av bilete av mitt barn.
Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"