Stavkyrkja vart difor rekonstruert og gjenreist i åra 1955-1965.
Ein veit ikkje sikkert kor gamal denne kyrkja er, men truleg er ho bygd på 1200-talet og vigd til St. Johannes, og i seinare tid har det vorte tradisjon å ha messe her kvar jonsokaftan.
Denne kyrkja har neppe sett slik ut opphavleg som ho gjer no. Det er tydelege merke etter ombyggingar. Det er m.a. spor etter midtsøyle, noko som kan tyde på at kyrkja frå først av har hatt løfta midtparti.
Øye sokn har 290 innbyggjarar og tre kyrkjer: St.Tomaskyrkja på Filefjell, Øye stavkyrkje og «nye» Øye kyrkje. I stavkyrkja er det omvising om sommaren, og ein fast gudsteneste -jonsokaftan.