Kyrkja vart etter kvart skakk av vinden og halla sørover. ”Einhendingen” (Knut Murar’n) benka den oppatt. Kyrkja var opphavleg måla raud. Vang stavkyrkje stod på tvers rett framfor inngangen til kyrkja, og måtte vekk. Det skapte bygdestrid. Kyrkja har ei katekismetavle frå 1620 som sto i stavkyrkja. Preikestolen er laga av Aslag på Hauge. I 2012 fekk kyrkja tilbake ei samling av trefigurar; apostlane og Jesus, som skal ha vore i Vang stavkyrkje då den sto her.Prestane Snitler og Fürwald er gravlagt ved veggen på sørsida av kyrkja.
Vang kyrkje
Vang kyrkjevart innvigd 9.april 1840 og er orientert i nord-sør-retning, mot det vanlege aust-vest. Naturleg nok vart det vanskeleg å feire 100-årsjubileet på rette dagen i 1940.