Fornying av gravfeste for 2020

Alver kyrkjelege fellesråd sender no ut faktura med tilbod om å fornye gravfeste for perioden 2020-2025.

For første gong sender vårt nye fellesråd ut tilbod om fornying av gravfeste. Desse går no ut til alle som er registrert som festar for ei grav eller ein gravstad som skal fornyast i år.

I Alver er festetida satt til 5 år for alle gravplassane. Det var ulike periodar (1 år, 5 år og 10 år) i våre gamle fellesrådsområde, men no er festetida lik for alle. Dette tyder at dei alle fleste no vil få tilbod om å fornye gravfestet for perioden 2020-2025.

I nokre tilfelle, t.d. der gravene i ein gravstad har ulik festeperiode, vil desse verta samkøyrd slik at. begge gravene forfell til betaling samtidig ved neste fornying. I slike tilfelle kan tilbodet du får vere for ein kortare eller lengre periode enn 5 år.

Samanslåinga til Alver har også ført til at våre ulike administrasjonssystem for gravplassane er slegne saman. Dette gjev oss nokre utfordringar og dersom det er noko feil med tilbodet du får tilsendt, vonar vi at de vil kunne ha forståing for dette. Vi gjer alt vi kan for å rette opp i feil på førehand, men vi klarar nok ikkje å fange opp absolutt alt. Ta kontakt, så hjelper vi deg!

  • For spørsmål om faktura kan du ringja oss på 4000 7411.
  • For generelle spørsmål om graver, bruk hovudnummeret vårt 4000 1691.

Telefonen er open måndag til fredag mellom kl 10 og 14.

Kontaktinformasjon for Alver kyrkjelege fellesråd

Kontoradresse:
Lonsvegen 1
5914 ISDALSTØ

Postadresse:
Lonsvegen 1
5914 ISDALSTØ

 

Telefon: 4000 1691

Beredskap: 4000 7410

Org.nr: 923 026 150

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"